Alle tok attval 

Geir Kjetil Øvstetun går på sitt 14. år som leiar i klubben.

Valkomiteen hadde ikkje dei heilt store utfordringane denne gongen, kunne leiar Bjørn Øvstetun opplysa på årsmøtet tysdag kveld.

Dei av styremedlemmane som var på val i år, tok nemleg attval. Dei andre var ikkje på val.
Såleis er det nye styret heilt identisk med det gamle og består av Jan Are Øvstetun, Kirsti Gulbrandsen, Fredrik Jarstadmarken og Ole Gunnar Hunderi, i tillegg til Geir Kjetil Øvstetun.

Sistnemde har vore med i Årdal FK sitt styre sidan den spede starten i 2003 og tok over som leiar i 2006. Det betyr dermed at Geir Kjetil går på sitt 14.år som formann i Årdal FK- trass i at han ved minst eit par høve tidlegare har truga med å trekkja seg…!

Me er naturleg nok godt nøgde med valet og gratulerer valnemda med flott innsats og ynskjer det «nye» styret lukke til.

Leiaren peika på fleire viktige arbeidsgåver som styret både har jobba med i sesongen som gjekk, men som vil halda fram med å vera utfordringar som må taklast.

– Dekket på krøllgrasbana må skiftast og det må helst skje ganske fort. Bana er rett og slett utstlitt og me har ei grasbane som ikkje tåler regn. Dette fekk me merka konsekvensane av då me måtte spela dei siste tre kampane i sesongen i fjor på krøllgraset med det det inneber, til dømes av publikumsoppslutnad. Me tapte 10.000 kroner på billettinntekter og kiosksal, seier Geir Kjetil Øvstetun.

– Delar av det kunne vore unngått med eit anna vedlikehald av grasbana, men også det igjen handlar om pengar og dei kommunale ressursane som er tilgjengelege.

Av andre utfordringar som er meir handgripelege å hanskast med, vart salet av privatsponsorbrev nemnd. Der ein tidlegare har hatt godt over 200 privatsponsorar for ti år sidan, er stoda no at talet har stupt dramatisk og er nede på kanskje halvparten.

– Her har me ein jobb å gjera, rett og slett. I tillegg vil me prøva å verva fleire grasrot-gjevarar. Berre grasrotandelen gav oss 180.000 kroner i veldig kjærkomne inntekter i fjor, så dette er veldig viktige inntektskjelder for oss. Målet vil vera no å selja 110 privatsponsorbrev denne sesongen, seier leiaren.

Det krev ressursar å driva ein fotballklubb på vårt nivå, det blir stadig meir krevjande å få inn nok midlar.

Difor vil me retta ein stor stor takk til alle som har gjett oss økonomisk støtte denne sesongen, ei særskild takk til generalsponsor Årdal Energi – og alle andre sponsorar.

Me vil også takka alle privatsponsorane, det betyr veldig MYKJE – og dei som gjev grasrotandelen sin til oss!

På årsmøtet vart det opplyst at økonomien i laget elles er rimeleg god, at den daglege drifta går godt og at styret har god kontroll på økonomien. Der syner det totale driftresultatet på 164.307 kroner. Med litt over 15.000 kroner i finansutgifter, vart det ordninære resultatet på 148.886 kroner.

– Overskotet må vera såpass stort ettersom det går til å betala ned gjeld. Utfordringa er framleis å kvitta seg med gamal gjeld, som om også dette går rette vegen. Me har redusertgjelda vårmed rundt to millionar kroner i løpet av dei siste seks åra, opplyste Geir Kjetil Øvstetun.

Han la elles til at lånet som vart teke opp i 2013 i samband med bygging av nytt klubbhus og tribuneanlegg vil vera nedbetalt i juni månad.

I året som kjem vil styret også ha meir fokus på å selja skiltreklame på Jotun stadion, ettersom også dette er eit viktig ledd i det å få betalt ned gjelda på anlegget.