Anders er tilbake 

Vender attende til moderklubben.

Anders Lereng (19) er tilbake i Årdal FK etter eit opphald i Fjøra FK.

Overgangen gjekk i orden før helga, tidsnok til at Anders kunne vera med på laget som slo Høyang i vinterserien for junior 0-1 på bortebane fredag.

Anders Lereng melde overgang til Fjøra tidleg i september i fjor og står bokført med ein kamp for klubben, det var eit innhopp i kampen mot Brattvåg den 16.september. Kampen enda med 8-0-tap for sogndølene. Lereng kom inn i det 67.minuttet i denne kampen. Han spelte også to kampar for Fjøra2/SIL3 i 5divisjon, der han også skåra to mål.

Me ynskjer Anders hjarteleg velkommen heim.