Jotun stadion

Jotun stadion 1

Friidrettsarena med grasmatte som vart opna 7.juni 1964 med kamp mot HamKam i første runde i NM. Tallause slg har vore utkjema her, noko av det mest minneverdige var kanskje landskampen i 1981.

Grasmatta måler 64x 107 meter.

Førstelaget til Årda FK spelar sine kampar her, inntil viare med eit opprykk, eitt nedrykk og ein seriemeisterskap å visa til.
Til no er publikumsrekorden 2200, sett under omkampen i andre runde i cupen mot Frigg i 1965.
Gjennomsnittleg tilskodartal dei siste åra er på rundt 250, med andre ord, god plass til fleire.

I 2010 byrja så smått arbeidet med å renovera tribuneanlegget på Jotun stadion.
Nye sete, tak over heile tribuna og ny speakerbu med kiosk og dessutan saniærfasilitetar og møterom vart bygd. Totalt har Årdal FK investert mellom 3,6 og 4 millionar kroner i den nye tribuna, som vart offisielt opna i september 2013.
Speaker Terje Solheim sette i verk kronerulling og samla saman til nytt lydanlegg.

Alt saman gjer fasilitetane våre til noko me er særs stolte av å ønska både motstandarar, dommarar og ikkje minst, publikum til.

Jotun stadion 2

jotun-stadion-speakerbu

Jotun stadion, krøllgras

Krøllgrasbana er knutepunkt for fotballspelarar i alle aldrar.

Like ved sidan av Jotun stadion ligg krøllgrasbana som vart offisielt opna 18.oktober 1997.
Bana er oppvarma med spillvarme frå Hydro aluminiumsanlegg i Øvre Årdal, men er etter flittig bruk klar for omfattande renovering.

Cuba stadion

Cuba stadion

Årdalstangen stadion var det offisielle namnet i mange år, heilt sidan bana vart teken i bruk på midten av 50-talet. Og trass i at området her oppe eigentleg heiter Vollane, har bygdefolket til alle tider brukt namnet Cuba. Lenge brukte Sogn og Fjordane fotballkrets Årdalstangen stadion i terminlistene sine, men ein eller annan gong mot slutten av 90-talet, vart det sjølv her erstatta med Cuba.

Det er ulike teoriar om kvifor dette området vart heitande Cuba, men ein av dei mest truverdige skriv seg heilt tilbake til tidleg på 1900-talet, då dette var heimstad for anleggsarbeidarar som var i bygda i for å byggja veg i samband med utbygginga av Tyinfallane.

Anleggsfolka rauk som regel i slostkamp når dei tok seg ein fest, og stundom gjekk det så hardt føre seg at somme tangingar samanlikna det med det latinamerikanske Cuba – som i same tidsrom var herja av borgarkrig.

Cuba stadion er nærmaste nabo til Tangen skule, som stod ferdig her oppe i 1955.
Tidleg på 90-talet vart Tangenhallen bygd, og i 2004 opna Tangen fritidspark med mellom anna krøllgrasbane for sjuarfotball, skatepark, sandvolleyballbane og dekkjungel.
Seinare er det også anlagt sandhandballbane. Såleis er Cuba stadion og Tangen skule- og fritidspark eit veldig viktig samlingspunkt for små og store i alle aldrar.

Cuba stadion er kamparena for andrelaget vårt, Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen, som spelar i 5.divisjon.

 

 cuba-stadion-1

cuba-stadion-2  cuba-stadion-3