Årdal FK med overlegen siger

Årdal FK hadde god kontroll over Florø og vant greit 5-2. Preben Strypet med hattrick.Årdal FK – Florø SK 5-2 (4-1)

2. mai 2009 16.00 Jotun stadion

1-0 16 min: Bernard Brons (Tim Teigen)

2-0 20 min: Terje Andreas Jevnaker

2-1 23 min: Christian Husa

3-1 25 min: Preben Strypet (Roy Olsen)

4-1 44 min: Preben Strypet (Christian Stedje)

5-1 47 min: Preben Strypet (Vegard Skjeldestad)

5-2 65 min: Torstein Grytten

Årdal FK:

Vegard Skjeldestad

Jørn Skjeldestad

Ørjan Stedje Ylvisåker

Allan Jørgensen ( Thomaz Malinovski 68. min)

Bernard Brons

Tim Teigen ( Christian Stedje 43. min)

Roy Olsen

Edvin Hestetun

Harald Lødemel ( Daniel Eide 89. min)

Terje Andreas Jevanker ( Brede Stedje Ylvisåker 82. min)

Preben Strypet

Heimelaget stilte med tilnærma skadefritt lag till årets første kamp på grasbana. Dei tok tak i kampen fra første spark og det var Preben som fekk kampens første store sjanse. Her fekk han ikkje stokka beina skikkeleg og avsluttninga vart redda på streken. Strypet burde satt denne, men han skulle komme sterkare tilbake.

I mellomtida tok ÅFK leiinga etter 16 minutt. Ein perfekt corner fra Tim vart kontant ekspedert i mål fra pannebrasken til Bernard. Berre 4 minuttar seinare vart det Terje Andreas som var på ferde. Han snappa ballen fra ein Florøspelar og satte på turboen og runda enkelt forsvaret til bortelaget og satte ballen enkelt i mål. Eit flott mål av den hurtige kantspelaren. No skulle måla komme som perler på ei snor. Først ut var Florø med ei redusering. Eit frispark fra ca 40 meter vart sendt inn framfor mål, der Vegard tydlegvis ikkje er heilt kjent med vindtilhøva på Tennegranden, for ballen gjekk i ein fin boge over han og rett i mål.

Berre to minuttar seinare skulle Preben endeleg få rette opp missen tidligare i kampen. Eit skot fra Roy enda med ein retur fra keeper som ÅFK’s toppscorar enkelt kunne sett i åpent mål. I denne situasjonen vart også Florø sin keeper skada, noko som gjorde at bortelaget måtte sette ein utespelar i mål. Heimelaget skulle få eit nytt mål like før pause. Også denne gang var det Preben som enkelt kunne styre inn eit innlegg fra Christian, som akkurat hadde komme inn for Tim Teigen.

Allereie etter 2 minutt av 2. omgang kunne Preben fullføre hattricket sitt. Eit langt utspark fra Vegard i ÅFK målet sendte spissen aleine igjennom plasserte ballen enkelt til side for keeper. Etter dette så virka det som at heimelaget skrudde av litt på tempoet og spelet vart så som så. Dei evna framleis å skape sine sjansar og spesielt Roy hadde sine. Den største fekk han da han fekk stå heilt aleine med keeper, men avsluttninga var ikkje av dei beste og keeper fekk ei hand på ballen og slo denne over til corner.

Ein annan som fekk ein stor sjanse var Harald som fra fem meter small ballen i stolpen. Returen kom for kjapt på ÅFK spelarane som stod i feltet og fekk såleis ikkje avslutta.

Dei frammøtte skulle få eit mål til og dette stod bortelaget for. Etter 65 minuttar prøvde Bernard å drible seg ut av forsvar, noko som enda med balltap. Florøspelaren satte fart mot Vegard og med eit skot fra skrå vinkel, smatt ballen under heimelagets keeper og ei ny redusering var eit faktum.

Kampen ebba ut med ein sikker 5-2 siger til heimelaget, som klatra til ein 3. plass på tabellen. Ein god kamp, spesielt 1. omgang. Etter å ha lagt på til 5-1 like etter pause vart resten ein transportetappe, noko som spelet også bar preg av