Årdal FK ser mot aust

Det blir travle tider for spelarar og støtteapparat framover.

Til saman skal Årdal FK spela 13 kampar fram til midten av mars. Då er kampane våre i juniorserien og treningskampar for ÅFK 1 og ÅFK 2/Jotun/Årdalstangen medrekna.
Sist helg braka det laus i Sognehallen mot Fjøra, der me gjekk på eit 3-1-tap etter ei rimeleg grei gjennomføring.
No ventar nye utfordringar, dei fleste av dei på andre sida fjellet. Me har nemleg gjort ein avtale med fleire klubbar austover om treningskampar.

– Me fekk eit tilbod frå Valdreshallen om å vera med i ein slags vinterserie som betyr at me skal spela i alt sju kampar der borte i helgane framover. Enkelte dagar blir det dobbelkamp for både førstelaget og andrelaget, seier ÅFK-leiar Geir Kjetil Øvstetun.
Det betyr at alle spelarane våre får eit ordentleg kamptilbod fram mot våren, noko me tykkjer er veldig gledeleg. Det er først og fremst det sportslege som gjer at me har vald å takka ja til denne invitasjonen, men litt også med tanke på at det er grei økonomi i det, legg han til.

Han forklarer at det handlar om ei slags pakkeløysing som inneber at me reiser til Valdreshallen for å spela nesten kvar helg i februar.
Motstandarane er Valdres FK, Hallingdal og Jevnaker. I tillegg møter ÅFK2 Vang FK, Valdres 2 og Slidre Røn.

– Akkurat det at me også fekk eit kamptilbod for andrelaget vårt var også ein medverkande faktor her, seier trenar Ivan Øy.
– Det gjer at me kan triksa og miksa litt i høve til kven me får med oss i troppen, då har me litt fleire å ta av og litt meir å gå på. Det ikkje passar for alle å vera med på alle kampane, så det gjeld å ha litt valgmoglegheiter.

Kamptilbod til andrelaget var også ei årsak til at årdølene no gjev seg i veg austover.
Øy seier han også tykkjer det er artig å møta litt andre klubbar enn det dei vanlegvis gjer.
– Det er kjekt å møta litt nye folk, spela i litt nye omgjevnader enn det me er mest vande med,ganske enkelt.
– Men me møter også Fjøra og Voss og Sogndal slik me har tradisjon for å gjera, seier Øy.

Han legg dessutan til at det einaste som kan stikka kjeppar i hjula for kampoppsettet i Valdres, er veret.
– Me prøvde for eit par år sidan å få til eit par kampar der borte i Valdreshallen, men gav opp etter fire forsøk på å komma oss over fjellet. No kryssar me fingrar for at veret blir godt nok til at me kjem oss av gårde!

Han er fornøgd med oppstarten og ser veldig fram mot resten av oppkøyringa.
I vinter har me hatt mellom 25 og 30 spelarar på kvar trening.
– Me har slått saman juniorar og seniorar og køyrer ein del felles treningar. Inn mot juniorserien handlar det om å matcha juniorane på eit litt anna nivå enn dei er vande med. Og ved å gjera det sånn, bli me fleire folk på treningane, det har også mykje å seia. Per no har me tre økter i veka, pluss at spelarane køyrer minst ei eigentrenignsøkt i tillegg.

Dei 13 kampane som totalt skal gjennomførast inkluderer også vinterserien for juniorar, der me er i pulje med Sogndal, Førde 2 og Balestrand. Første kamp enda med 7-1-tap for Førde,
Andre kamp var sett opp mot Sogndal sist helg, men er utsett til 14.februar. Før det skal me etter oppsettet møta Balestrand heime 10.februar.

I sin heilskap ser programmet vårt slik ut foreløpig, men det må takast høgde for endringar.

JUNIORSERIEN
13/1 ÅFK-Førde kl 14.00 kunstgraset, 1-7
27/1 Sogndal -ÅFK kl 15.30 (utsett)
10/2 ÅFK – Balestrand kl 15.00 kunstgraset

ÅFK

2/2 Valdres FK – ÅFK kl 14.00 Valdreshallen
16/2 Voss – ÅFK Sognehallen
23/2 Hallingdal -ÅFK kl 14.00 Valdreshallen
2/3 Sogndal – ÅFK kl 15.30 Campus
9/3 Jevnaker – ÅFK Valdreshallen
30/3 Voss -ÅFK kl 14.00 Voss

ÅFK 2

2/2 Vang FK – ÅFK 2 kl 16.30 Valdreshallen
9/2 Valdres FK 2 -ÅFK 2 kl 16.30 Valdreshallen
23/2 Slidre/Røn-ÅFK 2 kl 16.30 Valdreshallen