Årdal FK2 – Lærdal 3-2 (3-1)

ÅFK 2 presterte årsverste, men vann likevel 3-2

19 min : 1-0 (Thomas straffe)
30 min : 2-0 Brede (Mats Andre)
35 min : 3-0 Christian (Gunnar)
37 min : 3-1
68 min : 3-2

Lagoppstilling :

Stian Karlsen
Alin
Gøran Moheim
Ketil Karlsen
Tobias Gloppen (Jonas Sørebø frå 62.min)
Thomasz Malinowski (Gjert Nygård frå 84.min)
Mats Andre Jevnaker
Daniel Eide (Johnny Aspeseter frå 55.min)
Gunnar Heggheim
Christian Stedje
Brede S. Ylvisåker

….1.omgangen var likevel «grei nok,» og ein kunne gå til pause med ei fortent 3-1 leiing.

Årdølene starta kampen best, og hadde allereie etter 10 minutt tre store sjansar dei kunne ha scora på. Spelet var av varierande kvalitet, men ein del overgangar og fint spel fekk årdølene tidvis vist til heimepublikummet. Etter 20 minutt scorar Thomas på straffe, etter at han sjølv blei felt. Like etterpå kunne Årdal FK2 gå opp til 2-0, etter at Brede scorar eit flott mål. Deretter spelar Brede fri Christian i det 35 minuttet, og han skyt rett i mål, og dermed 3-0 til heimelaget. Lærdal reduserar kun 2 minuttar etterpå, på eit flott frispark som går rett igjennom muren og i mål, og pauseresultatet blir dermed ei 3-1 leiing til årdølene. Som sagt, spelet var varierande og i det kalde vårvèret på Cuba håpa nok publikummet på spel som varma meir i 2.omgangen.

2.omgangen var eit einaste stort gjesp, og spelet varma svært lite. Det blir mykje småspel, og lite direkte spel i bakrom. Med den farten ÅFK2 har på angrepsspelarane sine,  så burde ein ha spelt mykje meir direkte og bevisst på kantane og i bakrommet til Lærdal. Det blir for omstendeleg, og ein mistar ballen for lett på grunn av personlege feil. Med andre ord så blir det for mykje «dilling» med ballen, med fare for overgangar i mot og ein ueffektiv spelestil som me ikkje ynskjer å vera bekjent av. Når ein i tillegg har 3-4 livsfarlege tilbakespel som Lærdal fort kunne ha scora på, så vitnar dette om dårleg konsentrasjon og likegyldigheit.

Lærdal skapar fleire gode sjansar i 2.omgangen, og kunne med litt flaks ha putta eit mål eller to bak Stian i ÅFK buret. Reduseringa kjem ikkje før i det 68.minuttet, då Stian held igjen ein Lærdalsspelar på veg igjennom mot mål. Dommaren tek fortent fram det raude kortet, og keeperen til ÅFK må ut. Bror Ketil må i mål, og reddar straffa men klarar ikkje å hamle opp med returen, og reduseringa til Lærdal er eit faktum, 3-2. Gunnar Heggheim overtek keeperhanskane og gjer ein flott jobb i mål resten av kampen. Kampen står ei stund og vippar, og begge lag har fleire sjansar til å score mål, men fleire mål blir det utruleg nok ikkje.

Etter kampen måtte ÅFK 2 trenaren sjekke om det låg igjen markørar på grasbana etter forrige trening, fordi det mange gongar såg ut som ÅFK spelarane spelte «firkant» og «five a-side» på kantane. Men det gjorde det altså ikkje, sjølv om mistanken var stor….

Konklusjon : Me vinn på ein dårleg dag, noko som er positivt sidan me tidlegare har spelt meget bra og ikkje fått med oss poeng…Det mest skuffande er tempoet i kampen, og at me ikkje spelar meir direkte og let ballen gå raskare og tidlegare. I tillegg bør ein utnytte farten til dei raske spelarane me har på laget, som t.d Daniel, Johnny, Christian og Brede. Me snakka om å vende spelet meir i pausen, for å skape større rom, men dette såg me lite til i 2.omgangen. Det blir for puslete og altfor mykje småspel, men dette skal rettast opp til neste kamp !