Årdøl trenar Høyang

Ståle Steindal ny hovudtrenar i Høyang.Eg tek eitt år om gongen, så få vi sjå kor lenge eg vert sitjande etter kvart, seier Steindal som ser lyst på sesongen.
Det ser bra ut, og eg er nøgd med spelarstallen. Vi har mista keeperen frå i fjor, men fått Thomas Frichsen frå Førde. Elles held dei fleste fram i år og, opplyser han.
Noko målsetjing for årets 3.divisjon har han likevel ikkje.
Vi har ikkje diskutert tabellplassering eller noko slikt. Men vi skal trene hardt, slik at vi skal bli meir stabile på eit høgare nivå, seier Steindal til Firda.