Årets første vinnarar i privatsponorlotteriet 

Påskeharen spratt forbi Jotun stadion dnene veka og trekte like godt dei tre første vinnarane i privatsponsorlotteriet i 2018.

Desse tre vil få besøk av den samepåskeharen som har med seg eit verdikort på 6000 kroner til var av dei, levert av vår generalsponsor Indre Sogn Sparebank.

Vinnar januar: Andreas Bakken

Vinnar februar: Steinar Fodnes

Vinnar mars: Svein A. Grindhaug

Årdal FK takkar desse tre gode støttespelarane så mykje for deira viktige bidrag.

Me er forresten stadig på jakt etter nye privatsponsorar, så viss du vil vera med og støtta opp om årdalsfotballen, er du hjertelig velkommen og blir sett stor pris på.  Då er du også med i trekninga kvar einaste månad om dei fine verdikorta våre som kan brukast i alle butikkar og på nett verden over.

Ta kontakt med Jan Are Øvstetun på Tangen sport, telefon : 48218349

Gjer som Torleif Lægreid, bli privatsponsor du og!