Årets siste trekning i privatsponsorlotteriet

Tre heldige vinnarar fekk seg ei ekstra julegåve frå ÅFK-nissen denne gongen, då dei vann kvart sitt verdikort i årets siste trekning i privatsponsorlotteriet.

Vinnar privatsponsor for oktober: Beate Sem Johansen, 6000,-
Vinnar november: Kenth Lægreid, 3000,-
Vinnar desember: Roger Barsnes: 6000,-

Premien er verdikort levert av vår generalsponsor Indre Sogn Sparebank og kan hentast hjå Jan Are på Tangen sport.

Kenth Lægreid vart suveren toppscorar for 2. laget i 6. divisjon. (Foto: Elin Hæreid)

Årdal FK gratulerer så mykje og takkar absolutt alle privatsponsorar for støtten i 2017.
Me går snart i gang med nytt år, ny sesong og nye muligheiter for privatsponsorar!
Bli privatsponsor, du òg, da vel!! Ta deg ein tur innom Tangen sport og snakk med Jan Are.
Då er du med på å støtta den lokale fotballen i bygda – og med i trekninga om desse flotte premiane kva einaste månad.

Me ønsker absolutt alle eit riktig godt nytt, fotballår!