Årets spelar tek farvel

Sjokkbeskjed under prisutelinga.

– Eg vil medela at kampen i dag var min siste for Årdal FK, difor set eg sjølvsagt ekstra stor pris på dette, sa Ørjan Cafu Skilbrei då mottok prisen som Årets Spelar under fotballfesten vår sist laurdag.

31 år gamle Ørjan spelte i si tid for ÅTIL/Lærdal sitt andrelag, men rakk ikkje å debutera på a-laget før det vart heitande Jotun Årdalstangen FK. Han var kaptein og seinare kåra til årets spelar for JÅFK 2-laget, som rykte opp til 3.divisjon i 2004.

Så tok han seg ein ein periode i moderklubben Lærdal IL i 2006. Året etter var han tilbake i Årdal, som då hadde skifta namn til ÅFK, og spelte her halvannan sesong før han reiste austover for å ta utdanning. Då spelte han for Elverum som rykte opp i 2.divisjon.
I 2011 var han attende i den raude drakta vår og sidan har han vore med.

Etter at han fekk seg jobb som lærar på fotballinja ved Numedal folkehøgskule i Numedal, har Ørjan – som regel berre kalla Cafu – har pendla 514 kilometer til og frå Sogn for å spela kampar.
Med tanke på at me gjennom to sesongar hadde reiser til bortekampar på 18 timar, seier det berre litt om den innsatsen han har lagt ned.

– Eg har gleda meg stort til å få dela ut denne prisen til ein person som verkeleg fortjener den, sa Ivan.
– Det er ein person eg set stor pris på og som bidreg med mykje både på og utanfor bana. Eg beundrar hans treningsvilje og pågangsmot og ikkje minst, evna han har med å verkeleg vera til stadens i kamp- og treningssituasjon, sa Ivan og la til:
– Dette er ikkje berre ein pris – dette er ei heidersutmerking frå Årdal FK for lang og trufast innsats, sa han.

– Eg er vanvittig glad for å få prisen, det er kjekt å bli sett slik pris på. Eg har hatt nokre fantastiske sesongar med denne klubben og gjengen, men no er det på tide og tenka på andre ting, seier Cafu.
Han brukte også mykje taletid på å takka støtteapparatet og alle dei som gjer ein innsats for Årdal FK.
– Me spelarar fortjerner det nesten ikkje, de er jo mykje betre enn oss, meinte han og sikta til alle dei gode hjelparane som stiller opp for klubben.

-Me må vera i landstoppen når det gjeld arrangement, eg tenker her på alle dei som legg ned så utruleg mykje innsats for denne klubben og me tykkjer det er utruleg moro å spela kampar når me veit at det er så mange som står på så mykje som de gjer.

– Det som er litt rart er at eg får denne prisen no etter ein sesong der eg ikkje har vore kåra til banas beste ein einaste gong. Og me har vel knapt vunne på bortebane, så eg veit ikkje om det kan vera det, heller, sa han, vel vitande om at han gjennom mange sesongar har prestert stabilt svært godt og vore ein bauta i forsvaret vårt, i tillegg til at han faktisk har skåra nokre veldig viktige mål.

Me vil takka Ørjan Cafu Skilbrei for ALT han har lagt ned av innsats for oss. Dei blir ikkje enkle å fylla, dei fotballskoa der!

Nicolai Laberg vart kåra til Årets Unge Spelar.
– Me har ikkje eigen aldersbestemt avdeling og er avhengig av at me får spelarar som kjem opp og vil bidra. Eg er vledig glad for å kunne gje prisen til Nico, her handlar det om ferdigheiter og det handlar om den rollen han spelar inn i sjølve laget, sa Ivan, som overrekte prisen til mamma Kari på vegner at Nicolai som var hindra frå å komma.

Anders Lereng henta heim toppskårarprisen vår for sesongen 2018 etter å ha skåra 13 mål i kretsligaen denne sesongen.

Kenth Lægreid – mannen som aldri slutta å putta – vart i år igjen toppskårar på ÅFK 2/Jotun/Årdalstangen med 12 mål. Det gav også soleklar siger på toppskårarstatistikken i 6 divisjon.

På Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen vart Leander Øy kåra til Årets spelar.
– Han er ein spelar som er utruleg treningsvillig, sjølv om han ikkje så ofte er på våre treningar, slo ÅFK 2-trenar Jan Are fast.
– Men Leander stiller opp i kamp og har hatt ein enorm utvikling. Han er seriøst i alt han driv med på trening og han tek til seg råd, han lyttar. Leander har vore stabilt god gjennom heile sesongen og det er nesten utruleg å tenka på at han faktisk berre er 15 år fortsatt. Han har verkeleg framtida foran seg, sa han.

Jan Are nytta også høvet til å trekka fram Ole Gunnar Hunderi (45) og Kenth Lægreid (37).
– Dei har ein innstilling til det dei driv med som andre kan streva etter. Dei stiller opp, dei ofrar noko og er villig til å gje noko for laget sitt og klubben sin. Det fortener applaus, meinte Jan Are.

Han peika på at me i kampen mot Studentspretten 2 i haust mangla spelarar, men at Ole Gunnar stilte og sytte for at me hadde lag å stilla med.
– Det var den kampen me hadde ei spissrekkje som tilsaman var nesten 83 år, det er ikkje alle klubbar som har, sa Jan Are.

ÅRDAL FK vil nytta høvet til å takka ALLE – absolutt alle – som har stilt opp for oss denne sesongen. Takk også til publikum, det hadde vore trasige greier utan.
No tek me oss ein aldri så liten pause, før me vender nasen mot ny 2019 og ny sesong.