Årets spelar til Florø

Truls Hovland (21) prøver seg 1. divisjon.

Årdølen, som er blitt kåra til årets Årdal-spelar dei siste to sesongane, er einig med Florø om ein toårskontrakt.
– Eg har hatt det veldig fint i Årdal. Det er ein veldig fin klubb og her har eg hatt det trygt og godt, men vist eg skal utvikla meg vidare så må eg gripa denne sjansen, seier Hovland.

Midtbanespelaren har hatt to gode sesongar i Årdal FK i 3. divisjon etter at han valde å koma heim frå Sogndal. I 2014 spelte han heimekampane sine på Fosshaugane, men lite speletid gjorde at han vill heim.

Etter at Årdal FK no blir å finna i den nye Kretsligaen, ønskjer Hovland å prøva seg på eit høgare nivå. Neste stoppestad blir altså Florø som rykte opp til 1. divisjon etter den gode sesongen i fjor.

Florø-trenar Terje Rognsø har lenge vist interesse for kantspelaren.
– Eg gler meg til nye utfordringar. Florø spelar ein type fotball som passar meg veldig godt, seier 21-åringen som laurdag skreiv under for Florø.

Men han får ikkje vist seg fram for sine nye lagkameratar med det første, ettersom han nettopp har vore gjennom ein operasjon for ein ankelskade.
– Eg reknar med at eg er tilbake i full trening om to til tre månadar. No må eg berre godta at eg blir ute ei stund, men eg er veldig treningsvillig og tvilar ikkje på mine eigne ferdigheitar, seier Hovland som har ei klar målsetjing om å spela seg inn på laget frå kystbyen.

Laurdag var han på plass i Sognehallen og såg sitt nye lag gå på eit 2-0 tap mot sin tidlegare lagkameratar i Sogndal.

Årdal FK ønskjer deg lukke til i Florø, Truls.

Takk for innsatsen.