Årets tredje debutant

Eirik spelte sin andre kamp for Årdal FK mot Voss i dag.

Eirik Thomassen Øren (18) har meldt overgang får Jotun og er dermed klar for Årdal FK den kommande sesongen. Han debuterte allereie for to veker sidan, i treningskampen mot Valdres 9.februar, og var på bana for andre gong i dag, då Voss var på besøk.

– Det er veldig flott at me no har fått Eirik med oss i stallen, seier sportsleg leiar Jan Kåre Stedje. Han var lagleiar i kampen mot Valdres og var særs godt nøgd med debutanten.

– Eirik kom inn då og gjorde ein veldig bra jobb – det forsette han med då han kom inn mot Voss i dag. Han er ein veldig spennande spelar som verkar veldig trygg med ballen, tydelegvis ikkje er redd for å satsa litt og som allereie har vist seg sterk i duellar, seier Stedje.

Eirik er med det den tredje unge debutanten så langt i år. Frå før har Stian Klingenberg (16) og Edin Alme (16) også spelt sine første offisielle kampar for Årdal FK.

Me ønsker Eirik hjertelig velkommen i klubben!!