Arve Uglum er eksperten 2003

Arve Uglum har synt at han har god greie på fotball. I konkurranse med fleire av fylkets fotballprofilar, var han den som kom nærmast slutt tabellen i 3. divisjon 2003.Bilete lånt av Fabel.net


Arve Uglum på jobb for NRK


Arve Uglum prikka inn Jotun som vinnarlag samt rett plassering på Førde,
Saga og Kaupanger. Han hadde i tillegg mange lag ein plass feil, dette førte han
til topps på lista framføre Stig Roger Eide i Firda. Sistnemde hadde rett
plassering på dei fire fyste laga og såg ut til å gå mot eit godt tabell tips.
Det som gjorde utslaget var at Stig Roger i motsetning til Arve hadde fleire lag
eit par plassar feil plassert.

Arve Uglum vart med dette årets ekspert, noko han ikkje hadde trua på før
seriestart. Dette sa han før tevlinga starta:

Føler meg ikkje akkurat som nokon ekspert men eg skal gjera så godt eg kan.
Eg reknar med at Jotun vinn fordi dei har ei sentrallinje av rutinerte spelarar.

Nordnes er den klart beste keeperen i divisjonen, og vil berge poeng mot
topplaga, medan Brandsdal/Hunderi garanterer 40 mål seg i mellom.

Til opplysning så enda Brandsdal/Hunderi på 38 mål seg i mellom, med høvevis
26 og 12 mål.

Ekspert tipset 2003 resultatliste:
1 Arve Uglum 16 p.
2 Stig Roger Eide 18 p.
3 Arve Helle 22 p.
4 Frank Roger Eldegard 24 p.
4 Torbjørn Glomnes 24 p.
4 Jon Navarsete 24 p.
7 Svein Bakke 26 p.
8 Rune ‘Suen’ Sviggum 28 p.

Jotun-fotball.no gratulerer Arve Uglum med tittelen årets
ekspert.