Askvoll/Holmedal -Årdal FK 2 4-3 (1-1)

ÅFK 2 la ned ein enorm arbeidsinnsats, men måtte likevel sjå seg slått av serieleiar Askvoll/Holmedal i helga.

27 min : 0-1  Alin (Brede)
32 min : 1-1
55 min : 1-2 Gunnar (Mats Andre)
71 min : 2-2
76 min : 3-2
86 min : 3-3 Johnny
90 min : 4-3

Lagoppstilling :

Stian Karlsen
Jonas Sørebø (Sigurd Rivedal)
Gøran Moheim (Gjert Nygård)
Ketil Karlsen ( Trond Hjelle Volden)
Thomasz Malinowski (Truls Sylvarnes)
Tobias Gloppen
Mats Andre Jevnaker
Gunnar Heggheim
Alin
Johnny Aspeseter
Brede S. Ylvisåker

Årdølene starta kampen best, og allereie etter 10 minutt leia dei cornerstatistikken
4-0. Aggressiviteten og strukturen var tilstades frå domaren blåste i fløyta, og det er positivt sidan me tidlegare har hatt problem med akkurat dette. Laget sto høgt på bana og kom til fleire sjansar etter flott spel via midtbana og kantane. I tillegg var backane offensive, og Jonas hadde eit par gode raid framover som laget burde ha utnytta betre. Fyrste målet kom etter 27 min, då Alin fekk stå åleine og score nydeleg på volley frå 15 meter, etter assist frå Brede.

Alin

Etterkvart kom Askvoll/Holmedal meir inn i kampen, og tok meir kontroll på midtbana ved Benny Rivedal, som var god for heimelaget. Etter 32 minutt må Stian gje ein retur, som han slår ut i feltet. Der dukkar det opp ein A/H spelar som set ballen kontant i målet. Kun 3 minutt etterpå får A/H ein ny stor sjanse, som det nesten blir sjølvmål av. Årdal FK 2 klarar likevel å heve seg dei siste 10 minuttane, og har eit par småsjansar som fort kunne blitt farlege. Både Johnny og Brede kunne ha skote mykje tidlegare på sjansane sine, men det verkar som om dei «må» drible seg inn i målet før dei kan avslutte. Hadde dei vore meir resolutte der så kunne Årdal FK ha gått til pause med eit overtak.

Også i 2.omgang starta bra for årdølene. Etter 55.min går Gunnar på eit langt løp frå indreløpar-rolla si, og etter ein enorm pasning frå Mats Andre scorar han sikkert bak keeperen til A/H. Gunnar er i meget god form om dagen, og farlegare blir han etterkvart som han klarar å vurdera når det er hensiktsmessig å ta løpa sine, slik at han ikkje slit seg ut for tidleg i kampane. På stillinga 2-1 burde årdølene ha satt spikaren i kista, då dei har 3 gedigne sjansar :
60 min : Ballen trillar på streken til A/H, men Gunnar klarar ikkje å pirke den over linja. 65 min : Enorm sjanse til Johnny. 70 min : Thomas kjem åleine med keeper, og keeper kjem ut. Thomas lobbar ballen, men desverre 1 meter utanfor tomt mål. Minuttet etter scorar A/H, og utliknar til 2-2. No er A/H på veg inn i kampen igjen, og tek over mykje av banespelet. Etter 76 min. scorar A/H igjen, etter at ein spelar har dempa ballen med handa inne i feltet, i følgje keeper og forsvarsspelarar på årdalslaget.  Domaren får ikkje dette med seg, og godkjenner målet. Så kjem det store på Hilvang stadion, i det 85.minutt : ÅFK får frispark frå 35 meter, og Johnny ladar kanona og skyt ballen heilt oppe i vinkelen med ein fantastisk presisjon. Det er umogleg å trykke ballen nærare vinkelen enn det Johnny gjorde med skotet sitt, ei utruleg scoring !! Klisjeèn om «Kor var du når Oddvar Brå brakk staven» er borte. I Årdal heiter det no på folkemunne : «Kor var du når Johnny Aspeseter scora på frispark mot Askvoll/Holmedal !! ??  »  Med 3-3 og berre 5 minuttar igjen å spele prøvde trenaren til ÅFK så godt han kunne å «bremse» laget, og dette ned i formasjonane igjen. Likevel går A/H opp i 4-3 i det 90.minutt, og det kjennest veldig urettferdig ut å miste poeng i denne kampen, men ein får ta det som ei smertefull læringsprosess.

Det hadde vore på sin plass å kommentert domaren, Rolf Kåre Almenning, men som alle kan sjå av tidlegare referat så unngår eg å skriva noko om domarane dersom det ikkje er av positiv karakter. Denne gongen hadde eg veldig lyst, men av prinsipp så let eg det vera sidan me ikkje får gjort noko med d