Aurland/Lærdal 2- ÅFK3 1-6 (0-1)

Måndag 4.mai var det klart for ÅFK3 sin første kamp. Kampen gjekk på ei nydelig grasbane i Aurland, og dei unge ÅFK3 – spelarane treivst godt og spelte i store periodar fin fotball.

Laget: Morten i mål. Sigurd, Eirik, Trond, Jardar (Eirik Natvik), Eivind, Gjert, Andreas, Ruben (Hermund), Emil, Rebin (Robin)
 

35 min. 0-1  Gjert (Rebin)
55 min. 0-2  Emil (Andreas)
71 min. 0-3  Emil (Sigurd)
75 min. 1-3
76 min. 1-4  Hermund (Gjert)
85 min. 1-5  Ruben (Rebin)
90 min. 1-6  Ruben (Morten)

ÅFK 3 Starta med 3 gutespelarar i dag. Sidan kampen vart flytta på kort varsel og gutelaga har eigne kampar kunne Jotun berre stilla med 1 spelar.

Årdal tok tak i kampen frå start, og allereie etter 5 minuttar hadde både Emil og Rebin hatt store sjansar.
Me er mykje betre enn A/L2 utover heile omgangen, men det bli mykje
sjansesløsing. Første målet kjem først etter 35 min. Rebin bli spelt gjennom og blir hekta inne i 16 meteren, noko som var ein klar straffe. Den
set Gjert enkelt i mål. Fleire mål blir det ikkje i første omgang, men me burde sett 3-4 mål, minst! A/L2 skapte svært lite i denne perioden.

I pausen gjer me 3 bytte so alle får spela mykje i dag.
Det er fritt innbyte i 6 divisjon, så ein del spelarar kjem inn og ut i andre omgang.

Andre omgang startar som den første, og etter 10 min får me corner. Andreas slår den til Emil som headar i mål frå 2 meter og stillinga er 2-0 til Årdal. Me held oppe trykket og etter 71 min. kjem Sigurd rundt på kanten, slår inn til Emil som scorar sikkert frå 5 meter og 3-0.
Etter 75 min får A/L2 si trøstescoring. Det er mykje rot i feltet, og me får ikkje avklart så ballen rullar over streken og A/L2 reduserer til 1-3.

Me annonserar for heile Aurland stadion at no kjem det ein lang ball til
Hermund rett frå avspark, Robin slår bak til Gjert som slår rett i bakrom,
Hermund parkerar forsvaret og får 2 sjansar aleine med keeper og skårar
sikkert på returen ,4-1. A/L2 heng ikkje med i det heile tatt no.
Det blir etter kvart tydelig at me har trena ein heil del meir enn
motstandaren.


Etter 85 min kjem Rebin rundt på venstrekanten, legg inn til Ruben som dreg
av ein mann og skyt ballen via ein motstandar og i mål, nett so Lampard!

5-1. Dagen siste mål kjem i det me rundar 90 min. Morten «reina» Skarsbø slår ballen rett i bakrom til Ruben, aleine med keeper gjer han ingen
feil, kippar ballen opp i vinkelen og 6-1, fin scoring!

Dette er ein kamp me styrer frå start til slutt og seieren burde våre mykje
større. A/L 2 skapar svært lite, og er berre farleg