Bakken vann privatsponsorlotteriet – igjen

Det er andre gong i år.

Viss du tykkjer du har sett dette bildet av privatsponsor Andreas Bakken tidlegare, for ikkje så lenge sidan, tykkjer du heilt rett!

Bakken var nemleg vinnar av privatsponsorlotteriet for januar, noko som sikkert kom godt med etter turen til London og Wembley like før jul i fjor.

No augnar Kjemisk-leiaren sjansen til ein ny tur til den engelske hovudstaden, denne gongen til nye White Hart Lane stadion saman med gode fotballvenner – men det må bli etter at nytt salongbord er på plass…!

Det meste er nemleg mogleg å få til med verdikortet levert av vår generalsponsor Indre Sogn Sparebank, som er hovudpremien i privatsponsorlotteriet.

Bjarte Lægreid vart forresten uttrekt som vinnar for mai månad, også han får eit verdikort på 3000 kroner.
Viss du kjappar deg og tek kontakt med Jan Are Øvstetun på Tangen sport, telefon : 482 18 349, kan du rekka og bli privatsponsor og dermed vera med i trekninga for juni og juli.

Me er stadig på jakt etter nye privatsponsorar, så viss du vil vera med og støtta opp om årdalsfotballen, er du hjertelig velkommen og blir sett stor pris på.

Då er du også med i trekninga kvar einaste månad om dei fine verdikorta våre som kan brukast i alle butikkar og på nett verden over.