Burde ha fått poeng

Tapte sesongens siste kamp mot Bjarg etter sjansesløseri på Jotun stadion.

DSC_0630

Kampen enda med 1-0 tap mot bergensarane etter Enriques Søviks mål i det 29. speleminuttet. Men fem minutt før slutt burde toppscorar Preben Strypet utlikna, men var uheldig frå 11-meteren og blåste straffesparket høgt over mål.

Jamn kamp

 

– Etter ein litt kjedelig 1.omgang så føler me at me burde fått med oss noko etter 2.omgang. Av og til så møter me på dagar der me ikkje skal få ballen i mål, ja ikkje eingong på straffespark. Slik er fotballen. Uansett så spelar me jamt med eit meget bra Bjarg-lag, seier trenar Frank Øyre.

Bra forsvarsspel

 

Han legg til at dette skal laget ta med seg inn i førebuingane til sesongen 2014.

– Positivt er også forsvarspelet vårt dei to siste kampane. Berre eitt baklengs mot Sotra og no Bjarg viser at fokuset i dei bakre rekker er i positiv utvikling, seier Øyre.

Hamna på 9. plass

 

Dette var den 24 og siste kampen for sesongen. Årdal FK hamna til slutt på 9. plass på tabellen etter 8 sigrar, 6 uavgjort og 10 tap.

Radøy/Manger, Vik og Voss må ta den tunge turen ned til 4. divisjon. Stryn og Sotra hamna også bak årdølene, som var ni poeng opp til bronseplass i den jamne ligaen.

Kampfakta:

Årdal – Bjarg 0-1 (0-1)

Laurdag 19. oktober 2013, Jotun grøllgras

Tilskodarar: 150

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger IL.

Mål: Enrique Søvik, Bjarg.

Gule kort: Preben Strypet, Årdal FK, Enrique Søvik, Bjarg.

Lagoppstilling ÅFK: Preben Gilleshammer, Ole Morten Jevnaker (Tim Teigen frå 67. min.), Per H. Sandnes, Edvin Hestetun (Terje K. Øvstetun frå 89. min.), Eirik Rode, Brede Stedje Ylvisåker, Martin Gullaksen, Truls Hovland, Johnny Aspeseter, Robin Moheim og Preben Strypet.