Christian er årets spelar! 

Men han veit ikkje om han blir å sjå i ÅFK-drakta neste sesong.

– Det er andre ting i livet som er viktigare enn fotball. Eg har vore i tenkjeboksen lenge, men eg har ikkje teke stilling til kva som skjer neste år, seier Christian Stedje (32), som vart kåra til Årets spelar denne sesongen.

Han har lagt bak seg ein fantastisk sesong i ÅFK-drakta, i følge dei som har greie på det.

– Christan dreg på åra, og er ein av dei spelarane som dreg opp snittet på aktive fotballspelarar i fylket. Det er ingen tvil om at han har vore ein viktig bidragsytar for dei unge spelarane som har kome opp og for fellesskapet. Han held eit jamt høgt nivå i kampar og på trening. Christian fortener denne prisen på bakgrunn av den innsatsen og dei prestasjonane han har lagt ned i år, seier trenar Ivan.

Denne sesongen har  Christian Stedje har notert seg for 11 scoringar og 17 assist frå sin kantposisjon i år, noko som er veldig sterkt.

– Sånn sett viset han at han held eit høgt nivå som spelar, seier Ivan.

– Me er avhengige av å ha med oss dei som har vore stammen i laget og som me har bygd laget rundt. No har me ein fin miks av unge og eldre spelarar, og det er alfa omega for at årdalsfotballen skal overleva.

– Det er kjekt å bli gjort stas på, men eg fekk nok ikkje prisen fordi eg er verdas beste forsvarsspelar eller den største arbeidsmauren på bana, seier Christian, som vedgår at han har ein del andre kvalitetar som kjem godt med.

Mellom anna sørgja han for heile 28 målpoeng med sine 11 scoringar og 17 målgjevande pasningar denne sesongen.

Årets spelar, Christian Stedje. (Foto: Elin Hæreid)

– Eg vil påstå at eg er ein god fantasty-spelar i Kretsligaen, og eg føler at eg har gjort ein god sesong med tanke på at eg var skadd i nesten heile fjor. Eg måtte trena meg opp att og kom tilbake på eitt greitt nivå.

Dette er den andre gongen Stedje blir kåra til årets spelar i Årdal FK. Sjølv tenkjer han ikkje så mykje på individuelle prisar.

– Eg spelar fotball fordi det er gøy. Eg synst det er kjempegøy å spela i Kretsligaen å møta lag som Vik og Høyang. Faktisk er det gøyare enn å spela i 3. divisjon, der er det so kaldig reisebelastning. No er det også slik at mange klubbar i 3. divisjon er satsingsklubbar og lønar spelarane sine. I Årdal spelar me for å ha det kjekt, seier lagets eldste spelar, som også sørgja for årets mål denne sesongen.

Denne scoringa kom i bortemøte med Førde sine nest beste. Årdal låg under 2-0, men vann til slutt 5-2 etter eit kremmarhus av dei sjeldne frå Stedje mellom anna. ÅFK-trenar Ivan Øy seier dette om scoringa:

– Christian blir spelt opp på venstresida og dreg seg innover i bana. Eg ser han er i ferd med å lada skotfoten når han er 30 meter frå mål og skrått hald. Eg var i ferd med å skrika nei, men så får han eit sopass stjernetreff og limer ballen opp i motsatt kryss. Ballen visste ikkje teikn på at han ville ned heller. Det var så hardt og kontant. Me vart berre ståande og skrika til kvarandre, og den scoringa gjorde at me fekk kampen i vårt favør, seier Øy, som ikkje er i tvil om at han håpar at Christian blir med på laget til neste år også.

Det veit ikkje Christian heilt enda. Han må tenka seg om ei stund til og lurer på korleis han skal prioritera. Etter at han vart pappa til Anna (1) i fjor, er det blitt fleire andre ting å sysla med enn berre fotball.

Men Ivan håpar i det lengste på det beste og at fleire ser nytten med å vera ein del av fellesksapet i Årdal FK

– Eg har full forståing for at det er hektiske periodar. Dette er folk med familiar og fullt arbeid. Eg veit kor mykje det kostar, men eg håpar dei no brukar pausen godt og har ein god dialog med dei rundt seg, og at dei kjem tilbake med eit positivt svar når me startar opp att i januar.

Då me avslutta sesongen 14. oktober med seier over Stryn, såg det forresten sånn ut.

Under ein seanse på Klingenberg seinare på kvelden, var det fleire som vart heidra for sin innsats for klubben og drakta.

Christian Stedje henta altså heime «Årets Spelar» og «Årets mål», medan Truls Holland vart toppskårar. Nicolai Laberg (17) vart kåra til Årets unge Spelar, mdan Gjort Nygård vart Årets Spelar i 6.divisjon for Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen. Den suverene toppskåraren i 6.divisjon vart Kenth Lægreid, med sine 23 mål på 13 kampar.

Takk for i år, kara – takk for innsatsen  og engasjementet og takk for at de er på vårt lag!!