Dårleg dag på Voss

At det vart tap, er ein ting. Verre var det at fire mann måtte ut med skader.Det enda med 2-0-tap for Voss i treningskampen laurdag. Voss leda 1-0 til pause og skåra seiersmålet mot slutten av andre omgang.

– Om denne kampen er det berre å seia at det var ein dårleg kamp frå begge lag med veldig låg underholdningsverdi, seier trenar Ivan.

Ettersom den nye kunstgrasbana til Voss diverre vart totalskadd i flaumen i fjor haust, gjekk kampen føre seg på den gamle, noko som gjorde at baneforholda heller ikkje var heilt optimale.

– Det er viktig å spela treningskampar der ikkje alt fungerer, slik sett var dette ei viktig gjennomkøyring for vår del. Kampen vippa begge vegar, me kunne like godt ha vunne, men me gjorde rett og slett ein dårleg prestasjon, så slik sett fortener me ikkje å vinna, er konklusjonen.

Årdal FK stilte denne gongen utan ein heil del spelarar som vanlegvis er med. Christian, Eirik, Truls, Endre, Ole Gunnar, Kjetil og Hayder var alle av ymse årsaker ikkje disponible til denne treningskampen. Difor hadde me også berre tre innbyttarar.

Det viste seg å vera ein for lite etter kvart som det røynde på utover i kampen, ikkje minst då etter kvart fire av spelarane våre måtte ut med forskjellige skader.

– Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve, Terje Kvam Øvstetun og Robin Moheim måtte alle ut – det var frykteleg synd. Det er for tidleg å seia noko om kva konsekvensane er og kor alvorlege skaderne er,  og me får berre håpa dei kjem seg på beina att ganske raskt, seier Ivan, som altså dirigerte mannskapet sitt med berre ti mann på bana det siste kvarteret.

Årdal FK stilte med følgande lag: Sivert Larsson (Preben Gilleshammer frå 55 min), Martin Severin Gullaksen, Marcin Brzykcy, Abbas,  Brede Stedje Ylvisåker, Sondre Offerdal,  Andreas Hestetun, Vegard Aafetd Bukve (Fredrik Sørli  frå 65 min) , Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim frå 40 min), Robin Moheim og Johnny Aspeseter Hagen.