Dramatikk mot Skavøypollen 

– Det er eit skår i gleda over å vinna den kampen.

Det slår Ivan Øy fast etter at målvakta vår, Sivert Larsson, vart båren av bana etter eit ublidt møte med motstandarknottar eit kvarter før slutt.

Sivert fekk seg ein skikkeleg trøkk i hovudet og ansiktet og vart sendt til legevakta for ein sjekk.

– Det er spesielt trasigt fordi Sivert har vore borti dette tidlegare. Det er ein grunn til at han spelar med den Chech-hjelmen, seier Ivan, og legg til at det etter forholda står bra til med keeperen. 
Rapportane tyder på at han slapp unna hjernerystelse denne gongen, men at fjeset er noko forslått.



Pirri trødde til og vakta buret siste kvarteret, mens Skavøypollen måtte greia seg med ein mann mindre. Spelaren som trødde på Sivert fekk nemleg sitt andre gule kort for dagen og måtte ta tidleg dusj. Det same måtte trenaren, som gav uttrykk for sterk misnøye med dommaren si avgjerd. 

Me andre augna håp om å skaffa oss eit overtak mot slutten. Fram tid då hadde me nemleg lege under 1-0 etter at Poljen tok leiinga etter ein halvtime.

– Skavøypollen er eit dødballag- livsfarlege på dødballar, me tapte etter fire slike dødballar sist gong. Og no byrja det på same vis ved at dei sette ein kårner rett i må. Heilt utilgiveleg! Me for vår del er for puslete og forsiktige og har ikkje tempo i første omgang, men me går til pause og bestemmer oss for at dette skal me greia, seier Ivan.



Etter pause skjerpa me oss eit par hakk og brukte ikkje mange minuttane før Nicolai Laberg utlikna. Me sette også Johnny Aspeseter Hagen på topp saman med Anders Lereng.

– Då begynte me å skapa ting, altså. Me produserer jo ein heil haug med sjansar, me har kanskje 15-20 skot påmål i andre omgang. Då kan me ikkje skulda på at me er uheldige heller, då er me meir udyktige, for å seia det sånn. 

Johnny gav oss leiinga i det 67.minutt, men like etter var me like langt.

– Då laga me eit tullefrispark lite etter – ein dødball, altså – og det utnytta Skavøypollen maksimalt. På mystisk vis fekk ein av dei stå åleine inne i boksen vår og kunne lobba elegant over Sivert. Veldig frustrerande og litt urettferdig, kjennest det som, sidan me hadde hatt eit veldig bra trøkk i heile andre omgang, seier Ivan. 

Ti minutt før slutt bestemte han seg for å setta inn Kenth Lægreid. I slutt minuttane hadde me eitn enormt trøkk mot Skavøypollen sitt mål, og fekk eit mål korrekt annullert for offside like før full tid. Ettersom kampen vart avbroten medan Sivert låg nede, vart det lagt til godt sju minutt. Desse enda med å bli eit rotterace etter seiersmålet. Til slutt var det superinnbyttar Kenth som ordna opp. 

– Du veit, gamle ringrevar og sirkushestar, dei veit kvar målet står. Og det veit me at Kenth veit. Det som var veldig lott akkurat med det målet – i tillegg til at det vart avgjerande – var at det var Kenth sjølv om rulla opp angrepet og regisserte, før han sjøl kom susande på bakaste stolpe og sette ballen kontant i mål.



– Eg kjende berre på ein enorm lettelse over at me lykkast etter all den jobben me hadde lagt ned, slår Ivan fast.

– Men det er klart, me skulle ha avgjort på eit tidlegare tidspunkt. Eg følte me var betre enn Skavøypollen i dag, me hadde ballen det meste av tida, men me er for udyktige og unøyaktige – me skaut vel med ein del lauskrutt, kan ein seia. 

Neste helg spelar me sesongens nest siste kamp borte mot Florø 2.

Meir detaljar her på FirdaLIVE.

Kampfakta:

Årdal FK – Skavøypollen 
Kretsligaen, 20.serierunde, Jotunstadion krøllgras, laurdag 29.9.18
Tilskodarar: om lag 150

0-1 32 min Markus T.Kupen
1-1 49 min Joachim Furset 
2-1 67 min Johnny Aspeseter Hagen 
2-2 68 min Yngve Hagen 
3-2 96 min Kenth Lægreid 

Årdal FK: Sivert Larsson (Per Einvald Pirri Aspevik frå ca 73 min) , Marius Loftheim, Abbas, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Christian Stedje, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Nicolai Laberg, Joachim Furset, Anders Lereng og Johnny Aspeseter Hagen. På benken: Andreas Reseland, Terje Kvam Øvstetu, Espen Vigdal Rudi og Kenth Lægreid.