Ei legende er borte

Det er med stor sorg at me i dag har motteke den triste meldinga om at Rune «Suen» Sviggum har gått bort. Høyanger sin store son sovna stille inn påskeafta, 62 år gammal.

Heile fotballfylket vårt har mista ein framifrå fotballmann gjennom nesten eit halvt århundre, og lokalpressa er i samme båt, då det verkeleg er ein bauta av ein skribent som no stille har takka for seg.

Alt frå 60-talet har me i Årdal vore særskild knytt til Rune, då han gjesta Jotun stadion som forsvarsspelar på eit av dei aller første aldersbestemde kretslaga, til han var med oss ved lagleiarbenken då juniorlaget vårt gjesta Høyanger i vinterserien no i februar.

Foto: Endre Romøren/Sogn Avis

Og slik han alltid har vore det då seniorlaget vårt har vitja Sletta opp gjennom åra, enten ein heitte Årdal, Jotun eller Tangen.

Stemninga var alltid god då Rune var med oss der, enten det handla om kampen der og då, eller det handla om Manchester United og engelsk fotball.

Og stundom gløymde me sjølve kampen, då den muntre passiaren ved sidelinja ofte var mykje meir fargerik enn det som skjedde på bana.

Men det betydde egentleg svært lite, for me kunne alltid lese om det som skjedde på bana i lokalavisa dagen etterpå, glitrande skildra av Rune sjølv. Han var svært stolt av Manchester United, sjølvsagt, og han lot aldri sjansen gå fra seg til å fortelje kor fantastiske dei var og kor mange pokalar dei vann, år etter år.

Men han var og svært kritisk til Sir Alex Ferguson, for han meinte heilt klart at han kunne ha fått meir ut av United-laget enn det han gjorde. Det seier vel litt…

Rune har vore markant i fotballen rundt om i fylket vårt gjennom mange år, enten som skribent, trenar, lagleiar eller som tilskodar. Meiningane hans har ofte vore sterke, men dei har alltid vore klare, fornuftige og prega av kompetanse, samt at dei var formulert ut frå glede til fotballen. Rune var ein svært flink fotballmann og ein like flink avismann, og me var heldige som lærde han å kjenne. Det er svært få forunt å vere godt likt av alle, men han var det.

Våre tankar går no først og fremst til Rune sin familie, dernest til alle våre gode fotballvenner i Høyanger.

Kvil i fred, Rune!

Me lyser fred over ditt minne.

Helsing
fotballvener i Årdal