Ein god dag for Jotun

Det var ikkje berre på bana at Jotun håva inn titlar i dag. På Oddsnet.com vart vinnaren av beste side i 3. divisjon klar, og vinnaren vart litt overraskande www.jotun-fotball.no.

Pokalen frå 2002, då vinnaren vart kåra av ein jury.

Forsvarte tittelen med god margin

For andre år på rad vart beste heimeside i 3. divisjon kåra på Oddsnett sine
tippesider. I år som ifjor var det www.jotun-fotball.com som gjekk avgarde med
sigeren. Nytt av året var det at det var publikum som stemte fram den endelege
vinnaren.

Dette kan forårsake at det ikkje er den beste sida som vinn, men kanskje den
mest populære. Me vil takke alle som har stemt på oss og Oddsnet.com for ei
smigrande nominering, takk.

Rosande omtale på Oddsnet



OddsNets brukere har talt: Jotun Fotballs nettsider er "Årets beste hjemmeside i
norsk 3. divisjon"! Jotun forsvarte dermed tittelen fra i fjor, og fremstår som
flaggskipet blant norske 3. divisjonslags hjemmesider.

Resultatliste:

1 Jotun 37%

2 HaNo 28%

3 Arendal 19%

4 FUVO 9%

5 Fjøra 6%

Les om fjorårets kåring
her
.