Eirik steppar inn

Eit svært gledeleg gjensyn med eit sårt tiltrengt tilskot.

Eirik Rode er attende i Årdal FK – i alle fall for ei stund.

Etter at han flytta til Bergen for å studera, har Eirik spelt for Lyngbø i 4.divisjon. No er han heime i Sogn på sommarferie og stiller opp for Årdal FK, som slit med tynn tropp og mange skader.

Overganspapira vart ordna torsdag, noko som tyder at Eirik er speleklar allereie til bortekampen mot Stryn i kveld. Den tidlegare Årdal-kapteinen blir med no i sommar og litt utover haustsesongen.


Me er råka av ei aldri så lita skadekrise akkurat for øyeblikket, ettersom Fredrik Sørli, Joachim Furset, Nicolai Laberg og Marius Loftheim alle er ute med skader. I tillegg er Johnny Aspeseter Hagen, Terje Kvam Øvstetun og Kjetil Karlsen heller ikkje skadefrie, men stiller opp for laget og blir med til Stryn i kveld.

– Me er litt på felgen for tida, det er uvanleg at me har så mange spelarar ute samtidig. I og med at me har ein liten tropp i utgangspunktet, er me ekstra sårbare når slike ting skjer. I tillegg har me fleire som jobbar skift på Hydro og Norsun, sånn at det har vore store utfordringar med å få nok spelarar til denne kampen, seier assistenttrenar Jan Kåre Stedje.

– Det at Eirik stiller opp for oss no, er kjempeflott! Det betyr mykje å få ein slik spelar inn akkurat i den situasjonen me er i, legg Ivan til.
– Me veit kva Eirik står for, så det er ingen som helst tvil om at dette blir eit viktig tilskot for stammen, seier han.

Det er ikkje uvanleg at me havnar i situasjonar der det hopar seg opp med skader og skiftjobbing, men det er nok litt utanom det vanlege at alt skjer på same tid.
Men me er ved veldig godt mot likevel og gler oss stort til å møta Stryn i siste kamp før ferien.
– Mange gode minner frå kampar mellom Stryn og Årdal, det er jo ein klassikar, seier Ivan.

Me ønsker Eirik hjertelig velkommen tilbake i klubben!

Foto: Elin Hæreid