Ellevil jubel for lotterigevinst

Vinnaren av privatsponsorlotteriet for oktober var ikkje overraskande svært godt nøgd.

Det var nemleg ingen ringare enn Beate Sem Johansen (36) som vart den heldige vinnaren av privatsponsorlotteriet for oktober månad.

Ho stakk dermed av med gåvekort til ein verdi av 6000 kroner som kan nyttast i butikkar både i Årdal og i resten av verda.

Premien vart delt ut under den årlege fotballfesten på Klingenberg laurdag. Der fekk Beate også ei påskjønning frå styremedlem Roger Kleiva som takk for innsatsen gjennom ein lang sesong.

I tillegg til å vera gift med trenar Ivan og mamma til Edin og Leander, er Beate ein svært habil frukostkokk, noko troppen har fått merka under samlingane før heimekampane denne sesongen.

Årdal FK takkar Beate – og alle andre privatsponsorar – så mykje for støtta gjennom denne sesongen og ynskjer vel møtt til ny!