Endeleg over streken

Seieren over Eid kan visa seg å bli ein av sesongens aller viktiaste.

Det var kampen me burde, skulle – faktisk måtte – vinna for å ikkje bli hekta av i kampen om ny  kontrakt i 3.divisjon, og det var absolutt ingen grunn til å tru at Eid ville gje oss noko gratis.

Her kan du lesa korleis dette gjekk føre seg, sett frå glaset i speakerbua og rapportert via Firda LIVE!

Trenarteamet Ivan Øy og  Jan Kåre Stedje 

– Det er godt å vinna! Ingen tvil om det, er Ivan sin konklusjon.

– Me måtte ha desse poenga for å henga med. Det går veldig bra i første omgang, me spelar bra og har mykje sjansar og skårar desse tre måla som gjer at me går til pause med ein veldig god følelse. Så slepp me oss litt nedpå i andre omgang, det var vel eigentleg litt det me frykta skulle skje. At me ikkje er heilt så fokuserte som me bør vera, dermed slepp med Eid litt inn i kampen att – og det resulterer i mål, seier han.

– Men så greier me å heva oss, begynnar å få ballen til å gå att, får mykje initiativ der Preben, Truls, Terje, Christian og Eirik er involvert i veldig mykje – me lagar mange sjansar, eg tippar me skårar på kanskje 20-30 prosent av dei. Det er no for så vidt bra uttelling, det.

Det er godt å vinna, det er viktig å ha med seg dette vidare – for det blir ein tøff haust, slår han fast.

Med våre 17 poeng på 16 kampar, er me på 11.plass på tabellen, rett over streken – to poeng framfor Florø 2. 

Neste oppgjer for vår del er neste mandag, den 24.august – på Fosshaugane mot Sogndal 2.


Truls Hovland


Terje Kvam Øvstetun

Terje Kvam Øvstetun Hayder

Eirik og Truls jubel