Endringar i premiering

Jotun Quiz 4 er igang med rekord deltaking, heile 100 har meldt seg på denne runden. Resultatlista vil bli litt meir leseleg etter kvart som bankvesenet gir oss tilbakemeldingar. Men me har endra premiane….

Mange har gløymt å betala.
Under dei tidlegare Quiz rundane har me vore litt plaga av at fleire har gløymt å betala for deltakinga i quizzen, til og med quiz 3 snakkar me om eit tal på over 20 personar.
Difor prøver me denne gongen ein litt anna vri, dei fleste av dei som er markert med xxxxx har kanskje allerede betalt, men så er det dette med tregheit i systemet då.


Premiesummane vil bli endra.
På grunn av god påmelding til denne runden vil me gje meir tilbake til dei deltakande, vårt nye forslag er som følgjer:

1. premie 5000.-  2. premie 3000.-  3. premie 2000.-   4. premie 1000.-   5. premie 500.-

I tillegg kjem dei 4 bonuspremiane på 250.-


Delta i serie med nabo eller jobb kollega.
Dei som ynskjer å delta i eigen serie med andre deltakande kan ta kontakt så lagar vil til seriar med dei de ynskjer, hugs å ta med kva namn de vil ha på serien.


Lykke til!