Fekk bank av Syril

Men den verste trøkken var det ein ung systrening som fekk seg denne gongen.

Kampfakta ÅFK II – Syril 1-5 (0-2)

Cuba stadion

Tilskodarar: om lag 50

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra

Gule kort: Per Sandnes, Årdal FK x 2, Per Eirik Lunde, Syril

0-1 01 min Olav Selås Hauge

0-2 14 min Anders Lunde Hjeltnes

0-3 47 min Joar Ølmheim

1-3 60 min Robin Moheim (Ole Morten Jevnaker assist)

1-4 90 min Steinar Henjum

1-5 92 min Steinar Henjum

ÅFK II: Rewar Talib, Julian Brons, Daniel Eide, Rebin Badkan (Robin Moheim frå 46.min), Per Sandnes, Kjetil Karlsen, Ole-Morten Jevnaker, Mats-Andre Jevnaker, Gunnar Heggheim (Trond Hjelle Volden frå 46.min), Fredrik Prestegård og Jonas Hestetun.

Gjestene frå Leikanger tok leiinga etter berre eit lite minutt, og følgde opp med ny skåring etter vel eit kvarter.

Like etter pause gjekk dei opp til 0-3. Robin Moheim skåra vårt mål for dagen etter flott pasningsspel av Ole Morten Jevnaker, men det hjelpte lite.

På overtid skåra Syril enda to gonger og vann fortjent 1-5 over eit heimelag som fekk lite til å stemma denne gongen.

Dramatikken denne gongen utspann seg rundt 19 år gamle Per Eirik Lunde, som fekk seg ein skikkeleg trøkk då han gjekk i ein dobbelduell med to av våre spelarar.

Det var ikkje snakk om ufint spel frå nokon av partane, men Lunde var max uheldig med plasseringa og gjekk ned for teljing.

Han mista bevisstheiten ved eit par høve og vart køyrt til legevakta, som umiddelbart sende han vidare til CT på Lærdal.

Syril sender ei varm takk til ÅFK med Jens Herstad i spissen for handteringa av situasjonen som oppstod då Per Eirik Lunde gjekk ned for teljing etter ein duell. Etter å ha lege til observasjon på sjukehuset vart Lunde utskriven fredag ettermiddag, men må nok belaga seg på å ta tidleg fotballferie i år. 

Ein talsmann for Syril sender ei stor takk til Årdal FK for handteringa av situasjonen, ikkje minst gjeld dette Jens Herstad som var lynraskt på pletten for å hjelpa.

Det er i slike stunder det er betryggande å ha kvalifisert og rutinert ambulansepersonell på benken – det er heilt sikkert.

Lagleiar for ÅFK II denne gongen var ein annan systrening, nemleg Nils Tore Krosshaug.

Han har sendt oss følgande oppsummering av kampen:

– 5-1 seier til Syril på Cuba denne gongen. Spelemessig var det ein jamn kamp, men ÅFKII var i det gavmilde hjørnet og fire av måla burde ein ha unngått. Her snakkar me om store personlege feil som Syril utnytta effektivt.

ÅFK II skapte tre-fire store sjansar, men det blei med målet som vart nydeleg heada inn av Robin Moheim etter innlegg.

Minnar om at neste kamp for ÅFK II er mot Lærdal i Lærdal kommande onsdag klokka 18.00.