Fine mål i variabel kamp

Årdal FK spela sin fyrste kamp med nytt namn i dag då Kaupanger vitja krøllgraset i Årdal. Kampen enda 4-2 til heimelaget, noko som ikkje var eit mål for lite. Resultatet til pause var 1-1. Måla til Årdal FK vart skåra av Rune Førde, Arild Underdal og Ole Gunnar Hunderi (2).

Kampfakta:
1-0 01 min. Rune Førde
1-1 26 min. Eirik Nedrehagen (?) (str)
2-1 60 min. Ole Gunnar Hunderi
3-1 70 min. Arild Underdal
4-1 80 min. Ole Gunnar Hunderi
4-2 89 min. Kaupanger


Lagoppstilling Årdal FK: Bjørge Fedje (Preben Gilleshammer 45), Ørjan Skilbrei, Edvin Hestetun, Allan Jørgensen, Bernard Brons (Lasse Lereng 75), Johan Østerberg (Tim Teigen 55), Roy Olsen, Kjartan Smedegård, Rune Førde (Gøran Moheim 80), Ole Gunnar Hunderi, Arild Underdal


Årdal FK gjekk rett i angrep mot Kaupanger. Prøvespelar Johan Østberg kom seg fri på venstresida, og innlegget ekspederte Rune Førde kontant i mål før uret viste minuttet. Midt i fyrsteomgangen fekk Kaupanger tildelt straffe etter at ein Kaupangerspelar gjekk i bakken i ein duell med debutant Bjørge Fedje. Straffen sette Eirik Nedrehagen utagbart i Fedje si høgre hjørne. Resten av omgangen er det ikkje so mykje meir å skrive om. Spelet var begredeleg sett frå heimelaget si side.


Ole Gunnar Hunderi skåra to mål, her tek han ein pust i bakken2. omgangen var fleire hakk betre, men eit heimelag som tok meir tak i kampen og spela fin fotball i periodar. 3 mål vart fasiten i denne omgangen, der ein av skåringane var av den andre debutanten Arild Underdal. Ole Gunnar Hunderi kom som vanleg på skåringslista, denne gongen med to skåringar. Spesielt siste målet lukta det fugl av. Ørjan Cafu Skilbrei serverte eit knallhard utoverskrudd innlegg frå høgresida bak Kaupanger sitt forsvar. Der storma Hunderi fram på fremste stolpe og flikka ballen flott i mål på direkten.


Debutantane Bjørge Fedje og Arild Underdal virka solide i sin fyrste kamp for dei raude og grøne. Fedje dominerte i feltet med autoritet, Underdal herja i bakrommet til Kaupanger og kunne skåra fleire mål med aktive linjemenn til hjelp for dagens dommar Inge Seglem.