Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Askvoll/Holmedal

Årdal 2/Jotun/ÅTIL 1 - 0 Askvoll/Holmedal
12 jun 2016 - 15:00Cuba stadion

Ny seier for Årdal Fk 2/Jotun/Årdalstangen få Askvoll/Holmedal kom på besøk.

– 1-0-laget i 5.divisjon – det er oss! seier lagleiar Geir Kjetil, etter at Årdal FK/Jotun/Årdalstangen også denne gongen vann 1-0, denne gongen over Askvoll/Holmedal.

Keepertrenar Per Einvald «Pirri» Aspevik har som regel keeperhanskane innan rekkevidde og var snar om å fiska dei fram då me var i beit for burvaktar denne gongen. Innsatsen hans kvaifiserer garantert til fleire innhopp, for den spenstige lærdølen heldt nullen og stod ein finfin kamp for vår del.

– Det er ikkje den mest spektakulære fotballen me spelar, det er eg klar over, men me jobbar veldig godt defensivt, det er heilt tydeleg, slår han fast.

Geir Kjetil Øvstetun

Utan om dei to måla me slepte inn mot Balestrand då me tapte der ute sist veke, har me holdt nullen – med tre forskjellige målmenn – i tre av fire kampar. Me har skåra til saman fire mål så langt i sesongen og det er altså tredje gong me vinn 1-0.

Det tyder at me så langt litt på tredjeplass med Balestrand like framfor oss og Syril heilt på toppen. Desse laga har høvesvis to og ein kamp meir spelt enn det me har.

Målet mot Askvoll/holmdal var det Benjamin Turcovic Alme som fekk bokført, men det var med god hjelp frå ein uheldig motspelar. Om me for det meste held nullen, har det altså ikkje vore flust i mål på andre sida heller.

– I dag tykte eg me var brukbare i ein del oppbygging av angrep – men me er for dårlege på den siste tredjedelen, seier Geir Kjetil.

– Og det er ein del å jobba med, det er klart. men me byter mykje på laget, me har mange ulike typar spelarar frå gutespelarane til dei noko eldre, folk har litt ulike treningsnivå og litt ulikt kondisjonsnivå –  og me skal også syta for at alle får spela, så det er ikkje like enkelt å holda kontinuiteten.

Men kampen sett under eitt denne gongen, tykkjer eg me er det laget som spelar best fotball og skapar flest sjansar – sjølv om eg må innrømma at Askvoll/Holmedal hadde eit par enorme sjansar i første omgang, er lagleiaren sin konklusjon.

Per Oddvar Lien

Per Oddvar Lien, som har dømt opptil fleire kampar på Cuba før, hadde stålkontroll på kampen, som elles hadde trivelege rammer rundt seg – ikkje minst grunna det fantastisk flotte sommarveret.

Takk til dommar Lien og Askvoll/Holmedal for kampen – og takk til alle som var med oss på Cuba denne fine søndagen.

Julian Kvam

Neste måndag ska me til Gaupne og møta Bjørn, deretter skal me spela den utsette kampen mot Hyllestad/Dale 2 heime på Cuba.

– Der har eg håpa om at me skal greia poeng i begge kampar. Får me seks poeng i dei to siste, har me gjort ein fantastisk vårsesong, seier Geir Kjetil.

Kampfakta: Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen – Askvoll/Holmedal 1-0 (0-0)

Cuba stadion, søndag 12.juni

Tilskodarar: Om lag 40

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang IL

Årdal FK nytta desse spelarane: Per Einvald «Pirri» Aspevik, Truls Sylvarnes, Halvor Neset, Abbas Adbul, Wahabu, Fredrik Sørli, Simen Mannsverk, Eirik Lereng, Sander Bjørkum Øvstetun, Andreas Bjørkum Øvstetun, Anders Lereng, Nicolai Laberg, Julian Kvam, Benjamin Turcovic Alme, Kenth Lægreid, Alexander Asperheim Barsnes. 

 

 

Abbas

 

Kenth Lægreid

Alexander Asperheim Barsnes