Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Førde 3

Årdal 2/Jotun/ÅTIL 8 - 0 Førde 3
21 aug 2016 - 15:00Cuba stadion

Det vart ei lang skåringslista då Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen fekk besøk av Førde 3 på Cuba. 

Heile sju spelarar skreiv seg på lista i løpet av kampen, som kanskje også hadde tilskuarrekord på Cuba i år.

Speaker Solheim telte nemleg over 80 supportarar denne fine seinsommarkvelden.

Det er tett i toppen av 5.divisjon, avdeling 1, for tida, der Balestrand er i teten med sine 18 poeng framfor Bjørn med like mange.

Dei har høvesvis åtte og sju plussmål, medan Syril har 16.

Etter tysdagens kamp mot Førde 3, har Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen 17 plussmål.

Sidan me spelte uavgjort mot Syril forrige veke, datt me ned på fjerdeplass – så me måtte med andre ord vinna med meir enn sju mål mot Førde 3 for å gå forbi.

Marius Loftheim opna og Nicolai Laberg følgde opp, slik at stillinga til pause var 2-0.

Utover i andre omgang var det ein heil gjeng som melde seg på.

Sander Bjørkum Øvstetun skåra mål nummer tre og fire, Ruben Aspeseter nummer fem, Anders Lereng nummer seks, Kenth Lægreid nummer sju – og Endre Vigdal Øren fastsette sluttresultatet til 8-0.

– Me møter eit veldig ungt Førdelag, men det var utruleg mykje flott spel ute på bana i dag, seier Jan Are Øvstetun.

Han meiner likevel at dette er ein av dei beste kampane me har spelt i år.

– Det seier litt at me skårar åtte mål med sju forskjellige spelarar – og at me byter ut halve laget i andre omgang, og likevel skårar seks mål på 45 minutt.

Laget vårt var ikkje heilt så ungt som Førde 3 sitt, snarare ei lett blanding av unge spelarar og nokre litt meir rutinerte, noko som er gjenspegla i skåringslista.

Eit definitivt høgdepunkt denne dagen var dessutan at Lasse Lereng var på bana att for første gong denne sesongen.

Lasse har hatt eit langt skadeavbrekk, og er i ferd med å ta dei første stega på vegen tilbake.

Me har ny kamp att til helga – då skal me på tur for å møta Hyllestad /Dale 2.

Kampfakta:

Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen – Førde 3 8-0 (2-0)

Cuba stadion 23.8.16

Tilskodarar: 81

Desse spelte for Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen (mål i parentes) : Martin Herstad, Truls Sylvarnes, Ruben Aspeseter (1), Nicolai Laberg (1), Anders Lereng (1), Eirik Lereng, Kenth Lægreid (1), Benjamin Turkovic Alme, Marius Loftheim (1), Sander Bjørkum Øvstetun (2), Simen Mannsverk, Alexander Asperheim Barsnes, Marcin Brzycky, Lasse Lereng, Endre Vigdal Øren (1), Gøran Moheim