Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Fure

Årdal 2/Jotun/ÅTIL 0 - 0 Fure
29 mai 2016 - 15:00Cuba stadion

Årdal 2/Jotun/Årdalstangen klatrar opp til andreplassen etter eit mållaust oppgjer på Cuba stadion denne søndagen. 

Nicolai Laberg

– Eg er eigentleg godt nøgd med med gjennomføringa av kampen, det er berre synd at me ikkje greier å setta nokon av sjansane våre, spesielt i andre omgang, der me skyt både i stonga og i tverren og dessutan har to såkalla trippelsjansar.

Den eine får eg vera så ærleg å seia at eg tykkjer er ein klar straffe, ein hands,  seier lagleiar Geir Kjetil etter kampen.

5.divisjonslaget har til no spelt tre kampar. Me har vunne to av dei, og med dagens uavgjorte oppgjer mot Fure, ligg me på andreplass med sju poeng, tre poeng bak serieleiar og dagens motstandar, Fure, som har to kampar meir spelt enn oss.

Me har skåra to mål på desse tre kampane, og har forsatt til gode å sleppa inn mål.

– Det tek me i alle fall med oss. Men det handlar også om å skåra mål – det gjorde me ikkje i dag, diverre. All æra til gutespelarane våre, dei fem som me nytta, dei var meget gode denne gongen, alle saman, slår Geir Kjetil fast.

Søndagens kamp baud også på gjensyn med Kenth Lægreid, nokre årsklassar over gutespelarane.

– Det er flott, me må ha folk med oss utover våren og ikkje minst på hausten.

Når Kenth får trent litt meir, kjem han til å laga mykje trøbbel for mange femtedivisjonsforsvararar, det er det ikkje tvil om. Han har trøkk og rutine og er god med ballen, konkluderer Geir Kjetil.

Kenth Lægreid og Gøran Moheim

– Dette var ein fin søndag. Me har spelt tre kampar, vunne to og spelt ein uavgjort og  me held nullen –  me kan ikkje klaga, seier han.

Og nei, me klagar så absolutt ikkje når det er grei temperatur og det møter fram over 70 store og små tilskodarar for å vera med oss på Cuba, spesielt ikkje når det vert servert knakande gode kaker og speaker Solheim er i skikkeleg godluna med rockefoten oppe i bui.

Takk til alle som møtte fram!

Dagens motstandar Fure kjem frå Fjaler kommune og held til på Hellevik stadion.

Me trur dette var eit av dei aller første besøka deira på Cuba stadion, sett vekk frå at dei muligens kan ha spelt her i den tida seniorlaget heitte ÅTIL/Lærdal mot slutten av 90-talet.

Me takkar Fure for kampen og ynskjer lukke til vidare med sesongen.

Neste kamp for Årdal 2/Jotun/Årdalstangen er borte mot Balestrand neste måndag den 6.juni. 

Kampfakta: Årdal 2/Jotun/Årdalstangen – Fure 0-0

Cuba stadion, søndag 29.mai

Tilskodarar: om lag 70

Gule kort: Tord-Ivar Aase Dale, Fure

Raudt kort: Endre Vesterås, Fure

Dommar: Steinar Rasmus Hole, Jølster IL

Årdal 2/Jotun/Årdalstangen: Martin Herstad, Abbas Abdul Wahabu (Nicolai Laberg frå 15.min), Truls Sylvarnes (Endre Vigdal Øren frå 60.min), Tobias Stølsvik Klepp, Eirik Lereng, Joachim Furset, Ole Gunnar Kjødnes (Benjamin Alme frå 25.), Halvor Neset, Sander Bjørkum Øvstetun (Kenth Lægreid frå 75 min), Anders Lereng, Andreas Bjørkum Øvstetun (Gøran Moheim frå 80.min).

Benjamin Alme

Spenning på slutten