ÅFK 2/Jotun/ÅTIL – Sandane 2

ÅFK 2/Jotun/ÅTIL 6 - 2 Sandane 2
02 mai 2017 - 19:00Cuba stadion

Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen er i gang med serien. Sandane 2 var første motstandar.

Det meste låg til rette for ei finfin serieopning på Cuba den tysdagkvelden: veret var praktfult, det var makalaust gode lappar og kringle å få kjøpt, det seig på med tilskodarar etter kvart òg. I tillegg hadde speaker Solheim som alltid nokre velvalde perler folk kosa seg med under oppvarminga, så stemninga var på topp.

Diverre for oss var me framleis ikkje ferdig med oppvarminga då dommar Svein Høylo frå Fjærland bles i gang kampen, og før me visste ordet av det, leda Sandane 2 heile 2-0. Ei lita stund begynte publikum å frykta at det kunne bli ein lang og seig kveld, men heldigvis for oss, reduserte Terje Kvam Øvstetun berre eit par minutt seinare, og me augna håp.

Terje utlikna også etter ein god halvtime, medan Gjert Nygård skåra eit viktig mål i comebacket, slik at me leda 3-2 til pause.

– Litt rufsete start, for å sei det sånn. Men det er første kampen i år for veldig mange av desse spelarane, så det er sånt me må rekna med, seier lagleiar Geir Kjetil.

Han seier seg godt nøgd med at det kom seg såpass utover i andre omgang at me rodde i land ein solid 6-2-seier.

Trass i at me eigentleg var godt kvalifisert for 5.divisjon etter å ha enda på tredjeplass sist sesong, valde me å trekka laget og heller stilla i 6.divisjon.

Forklaringa er enkel: I fjor hadde me eit lag i 5.divisjon som spelte 14 kampar, der det var problem med å stilla nok spelarar i minst tre av dei. Det å skulle gjennomføra ein serie i 5.divisjon i år med 22 kampar, hovudsakleg på søndagar, er urealistisk for vår del. Såleis stiller me i 6.divisjon med Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen denne sesongen.

– Frammøte på treningane har i grunnen vore veldig bra så langt, så me er godt nøgde så langt. Det er eit voldsomt breitt spekter me har med å gjera her, både i alder, høgd, vekt og rutine. Målsetnaden erå gje kamptrening til dei som treng det og eit tilbod til dei som ynskjer det. Utover det har me ikkje nokon desidert målsetnad utover å vinna flest mogleg kampar.

Årdal FK 2/Jotun/årdalstangen kjem i hovudsak til å spela midtvekekampar, sett vekk frå ein og annan søndagskamp.

Allereie i morgon, måndag, er det duka for ny kamp, denne gongen mot Kaupanger 2.

(Film: Elin Hæreid)

Kampfakta:
Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen – Sandane 2 6-2 (3-2)

Cuba stadion, tysdag 2.mai

Tilskodarar: Om lag 80

Dommar: Svein Høylo, Fjærland IL

0-1   10 min   Espen Reed Lote

0-2   12 min   Tarjei Bjørkum Vereide

1-2   15 min   Terje Kvam Øvstetun

2-2   33 min   Terje Kvam Øvstetun

3-2   35 min   Gjert Nygård

4-2   48 min   Terje Kvam Øvstetun

5-2   65 min   Terje Kvam Øvstetun

6-2   67 min   Simen Mannsverk

Årdal FK: Tobias Herstad, Mats Kauppi, Alex Majo, Simen Heggheim Mannsver, Sander Bjørkum Øvstetun, Gjert Nygård, Stian Laberg, , Alexander Asperheim Barsnes, Terje Kvam Øvstetun, Benjamin Turcovic Alem, Jakob Øren, Andreas resaland, Kenth Lægreid, Lasse Mjølver, Gøran Moheim, Stian Vee og Malin Solem.