Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Syril

Årdal 2/Jotun/ÅTIL 1 - 0 Syril
02 mai 2016 - 19:00Cuba stadion

Det vart bokstaveleg talt stormande jubel då ein skikkeleg susar avgjorde kampen. 

ÅFK2/Jotun/Årdalstangen – Syril 1-0 (0-0)

Cuba stadion, mandag 2.mai

1- 0    94 min(!)   Marius Loftheim

Ingen gule kort til nokon av laga

Dommar: Simen Solbakken Skjerven og to assistentar me ikkje har fått tak i namnet på, diverre – men dei gjorde alle tre ein strålande flott innsats!

ÅFK2/Jotun/Årdalstangen:  Preben Gilleshammer, Ruben Aspeseter, Robin Moheim, Tobias S. Klepp, Sander Bjørkum Øvstetun , Eirik Lereng, Marius Loftheim, Preben Strypet, Anders Lereng, Joakim Furset, Truls Sylvarnes.

På benken: Benjamin Alme (fra 70 min.), Simen Mannsverk (fra 45 min), Nicolai Laberg (fra 55 min), Halvor Neset (frå 45 min) Johnny Aspeseter Hagen (inn etter 55 min – utatt med strekk etter 60), Mathias Rinde (frå 45 min), Gøran Moheim (fra 60 min).

Det var mildt sagt noko trøblete speleforhold på den stormfulle høgda som er Cuba stadion då ÅFK2/Jotun/Årdalstangen opna sesongen i 5.divisjon.

Vindstyrken vart målt til om lag ein halv pelikan, og både kårnerflagg og andre lause delar forsvann fort i dei heftige vindkasta, medan dei rundt 60 tilskodarane klamra seg fast og håpa på det beste.

– Så vidt me kunne sjå i sanden som virvla rundt, hadde Syril ein stor sjanse i første omgang – elles hadde me ganske god kontroll på dei, tykkjer me.

Dei gongene me hadde ballen på bakken skapte me nokre sjansar, men det såg lenge ut til at dette skulle ebba ut i ein typisk 0-0-kamp, seier trenar Jan Are Øvstetun.

Det var sjøvlsagt før Marius Loftheim feidde innover med full styrke frå kant og planta ein skikkeleg susar opp i krysset til venstre for Syril-målmannen heile fire minutt på overtid.

Med seier i sikte gjaldt det berre å ri stormen av – noko me også gjorde meisterleg med tanke på at det på det tidspunktet berre var sekundar att av kampen.

– Eit kjempemål, rett og slett! Me er strålande godt nøgde med kampen, alle i troppen var innpå, og alle gjorde ein flott innsats – me tek med oss tre poeng og tykkjer det er godt å komma i gang med serien, seier Jan Are.

Nicolai Laberg

Gutekampen mellom Jotun og ÅTIL som var sett opp i morgon, vart utsett, difor vart det likevel muligheit for å ha fem gutespelarar med i kampen.

Allereie kommande søndag er det duka for nye utfordringar for ÅFK2/Jotun/Årdalstangen, då skal me nemleg møta Førde 3 på bortebane.

Kva slags mannskap me stiller med til den kampen, er førebels noko utvisst, ettersom det er konfirmasjon i Øvre den dagen og opptil fleire av spelarane våre skal anten konfirmerast sjølve eller i konfirmasjon.

Me takkar vår gamle venner frå Systrond for kampen – alltid kjekt å ha besøk av trivelege fotballfolk, lukke til vidare med sesongen, karar!

Takk, Elin Hæreid, for dei flotte bileta! 

Sander Bjørkum Øvstetun

 

Preben Strypet