Årdal FK – Aurskog-Høland

Årdal FK 2 - 0 Aurskog-Høland
11 jun 2016 - 16:00Jotun stadion

Nøkkelen til sukssess er kanskje ikkje det du trur..!

Jon Navarsete

Årdalsvennen Jon Navarsete held styr på statistikken – som viser at dei siste seks gongene han har vore på Jotun stadion, har Årdal vunne. Det er nesten til å bli litt overtruisk av.

– Dei siste seks gongene eg har sett Årdal, har dei vunne – det strekkjer seg attende til den skjebnekampen mot Tornado Måløy seint på hausten i 2014. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal tolka det, i grunnen. Men det kan vel vera eit teikn av ein eller anna slags, meiner han sjølv.

Etter uavgjort mot Lillestrøm 3 og tap for både Skedsmo og Hauerseter, smakte det skikkeleg godt med seier i dag.

Ja, klart det!! Me er veldig glade for desse tre poenga her, no har det gått litt i motbakke dei siste par kampane, så dette trengde me, seier trenar Ivan Øy, som saman med assistenttrenar Jan Kåre, hadde bestemt seg for å ta skeia i ei anna hand før dagens kamp.

– Ein ting er at me må prøva å slutta og sleppa inn slike råtamål som me gjorde mot Valdres, i alle fall dei to første – ein annan er at me kanskje av og til leitar litt for lenge etter betre situasjonar i staden for å berre prøva og fyra laus. Dette snakka me om før kampen i dag, det med å prøva seg frå langt hald.

Ivan Øy

Trass i at første omgangen nett ikkje vil gå over i historia som ein av dei meir minneverdige her på Jotun stadion, meiner trenarteamet at seieren var fortjent.

– Me er litt upresise i ein del av det me føretek oss, heilt klart. Men straffen me fekk var det ingen ting å seia på, den var soleklar. Og 2-0-målet til Preben var rett og slett ei perle! Herlig! er konklusjonen.

Preben Strypet skåra altså begge våre mål for dagen. Det første frå 11 meter – det andre frå kanskje 30.

Han seier til Sogn Avis at det kanskje er eit av dei tre beste måla han har gjort i karrieren.

Årdalsvennen Jon Navarsete var  altså igjen å sjå på Jotun stadion denne nydelege sommardagen – som så mange andre dagar tidlegare.

– Det har heilt klart noko med den utruleg gode servicen eg alltid får her på Jotun stadion, det er så utruleg kjekt med mykje trivelege kjensfolk, god musikk, god stemning – og ikkje minst, gode kaker, seier han sjølv.

Tidlegare er han blitt servert både lofsekling og andre godsaker frå kiosken. Denne hausten er han dessutan lova både krudlakaker og moltekrem – med bær henta ned frå den hemmelege moltetua til speaker Solheim.

Men det kan no godt henda at Jon kanskje bør ta turen innom fleire gonger før moltene er modne – i alle fall ettersom det kan synast som han er ein suksessfaktor. I dag meiner han no likevel at seieren var vel fortjent.

– Det var ein forferdeleg første omgang med mykje surr, men det kom seg i andre omgang, då kom dei litt lenger opp på bana. Det er ujamne prestasjonar, men eit fantastisk sistemål, slår han fast.

– Det er ein fortjent seier, det meiner eg verkeleg. Det er slike kampar som fort kan vippa – men det er også slike kampar som er så viktige å vinna. Årdal er på høgde med dei fleste laga i denne avdelinga og eg trur dei neste to kampane er det gode moglhgeiter for å henta poeng, er konklusjonen. Og som han seier:

– Eg kan komma atte viss det er naudsynt!

Ein annan trufast tilskodar som synast å ha ein positiv effekt, er sjølvsagt Arne Hovland, som var attende på Jotun stadion etter ferie.

Rett nok har Arne, som har følgt Årdal FK svært tett både heime og borte i mange, mange år, sett oss gå på ein heil del tap – men faktum er at me ikkje har vunne sidan Arne reiste på ferie til Asia 22.mai.

Dagen før kjempa me oss til eitt poeng mot Lillestrøm 2, elles har det vore skralt sidan.

I dag var Arne attende på stadion – og tre poeng vart det til oss.

Takk til alle som var med oss på Jotun stadion i dag!

Neste helg reiser me forresten til Jessheim for å møta Ull/Kisa.

FirdaLIVE referat her! 

Kampfakta: Årdal FK – Aurskog/Høland 2-0 (0-0)

Jotun stadion, laurdag 11.juni

Tilskodarar: om lag 200

Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger

Gule kort: Preben Strypet, Endre Kauppi Straumsheim, Truls Hovland, Årdal FK

1-0   75 min   Preben Strypet (str)

2-0   82 min   Preben Strypet

Årdal FK: Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve (Fredrik Sørli frå 76 min), Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Eirik Rode, Truls Hovland, Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows, Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Anders Lereng frå 89 min), Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim frå 76 min), Preben Strypet