Årdal FK – Bremanger

Årdal FK 5 - 0 Bremanger
24 jun 2017 - 14:00Jotun stadion

Ivan Øy frykta det verste då Bremanger kom på besøk, men enda med maks uttelling og fem fine mål.

– Bremanger slo Sogndal 2 2-0 på heimebane i forrige kamp, så me visste at det er eit lag som kan bita frå seg. Difor var fokuset vårt å pressa dei mest mogleg frå start og ikkje sleppa dei til, det greidde me ganske godt i første omgang, seier Ivan.

Stillinga ved pause var 2-0 etter skåringar av Johnny Aspeseter Hagen og Joachim Furset -, ei farleg leiing, i følgje Øy, som har mykje erfaring med akkurat det.

– Det veit me alt om. Er ein så syndig å sleppa motstandaren til då, er det fort det blir kamp att, det er noko me ofte har følt på. Det var ein periode i andre omgang der Bremanger var litt farlege frampå, men me ridde stormen av, kan du sei.

Det gjorde årdølene først og fremst ved at Ånders Lereng punkterte kampen med 3-0-målet.

– Anders skåra eit kjempeflott mål, og det er vel eigetnleg spikaren i kista denne dagen, difor er det eit utruleg viktig mål, seier Ivan om det.

Chrisitan Stedje, som mange meinte var svært viktig denne dagen, skåra i tillegg to mål til mot slutten.

– Christian gjer ein veldig god kamp og Joachim er tydlegvis på sporet av noko igjen, og viser meir av det me veit han står for. Johnny spelar alt frå spiss til venstreback, noko som også er ein stor fordel for vår del, så i dag går det på skinner, er konklusjonen.

– I dag er me nøgde med at det var flotte spelemål me fekk laga, me skåra fem mål, me holdt nullen og skapte mykje, det er positive ting me tek med oss.

Ivan vil no likevel ikkje «friskmelda» troppen heilt – til det er det litt for ujamnt forsatt.

– Men til tider viser me veldig godt kva som bur i oss og kva som er kvalitetane i laget, det er det ikkje tvil om at me gjorde mot Bremanger, seier Ivan.

Han kan no sjå fram til eit par vekers fotballferie – men først må me møta Stryn på bortebane fredag kveld.

– Og det veit me blir veldig vanskeleg og veldig tøft, men det er sånn kampane våre mot Stryn alltid er, uansett tabellposisjon for nokon av laga.

Me gler oss til det – det gjekk ikkje lang tid før Strynkampen vart eit tema i garderoben sist laurdag, Årdal-Stryn er jo ein klassikar! medan Christian Stedje la til to mål til mot slutten.

Detaljar om kampen er å lesa her på FirdaLive!

Kampfakta:

Årdal – Bremanger 5-0 (2-0)

Kretsligaen, 10.serierunde, Jotun stadion, laurdag 24.juni

Mål: 1-0 Johnny Aspeseter Hagen, 7.min, 2-0 Joachim Furset, 43.min, 3-0 Anders Lereng, 76.min, 4-0, Christian Stedje, 78 min, 5-0 Christian Stedje 87.min.

Gule kort: Sivert Larsson, Årdal FK og Martin Sønnesyn, Bremanger

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Årdal FK: Sivert Larsson – Ørjan Cafu Skilbrei, Andreas Natvik (Sander Bjørkum Øvstetun fra 72.min), Brede Stedje Ylvisåker, Kjetil Karlsen (Terje Kvam Øvstetun fra 56.min – Anders Lereng fra 68.min)) – Joachim Furset, Vegard Aafedt Bukve (Ole Gunnar Bukve Kjødnes fra 69.min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Simen Mannsverk fra 60 min), Nicolai Laberg –  Christian Stedje, Johnny Aspeseter Hagen.