Årdal FK – Dale

Årdal FK 2 - 2 Dale
25 aug 2018 - 14:00Jotun stadion

Luftens baron sikra oss uavgjort i ein elles ganske traurig fotballkamp.

– Eg trur både me og dei som såg på i dag kjende på at desse her, dei burde me ha teke, seier Ivan.

Han er i grunnen ganske så letta over at det i det heile tatt vart poeng. Og litt ergerleg over at det berre vart eitt.

Dale tok leiinga etter ein halvtime der ingen av laga hadde utretta det heilt store. Det var eit langskot av ein markkrypar som vart fyrt av – og som skar forbi heile forsvaret før nokon, aller minst Sivert Larsson, rakk å reagera.

– Me gjer det alt for vanskeleg for oss sjølve i første omgang. Når me skal gjera det så komplisert, blir det mykje balltap på veg framover, det var ikkje det som var kampplanen i det heile tatt.

Me prøvde å endra det etter skåringa, siste kvarteret før pause var kanskje ikkje fullt så hakkande gale, men me er langt frå det me hadde sett føre oss at me skulle vera i dag, seier Øy.

Ti minutt ut i andre omgang skåra Dale igjen, men som Ivan Øy så ofte pleier å seia: 2-0 er ei farleg leiing. Det fekk Dale merka då årdølene faktisk greidde å heva seg eit par hakk og fokusera nok til at veteran Edvin Hestetun fekk siste fot på ballen etter eit frispark i det 62.minutt.

Dermed var det ny spenning i kampen, noko Nicolai Laberg, – heretter kjend som Luftens Baron – sørga ytterlegare for då han utlikna med ei stupheading etter eit flott innlegg frå Joachim Furset på venstrekanten.

Likevel ebba kampen ut i uavgjort, sjølv om begge lag varta opp med eit par halvsjansar mot slutten. Spelemessig sett kan det synast som om poengdeling var det mest rettvise denne gongen.

– Jo, me heva oss ein del, men me er framleis for unøyaktige i siste delen. Det er mange faktorar som skal til for å lykkast, ein av dei er å gjera det enkelt. Det gjorde me ikkje i dag. Me slepp Dale for lett til, dei er effektive og skårar på sine to moglegheiter – så me får vera gilde me fekk dette eine poenget, seier Ivan.

Gledeleg i dag var det at Elias Furseth Moen, som debuterte mot Stryn sist helg, spelte i sin første seniorkamp på heimebane. Det same gjorde Espen Vigdal Rudi, som kom inn dei siste fem minuttane. Det var debuten for Årdal for 16-åringen.

– Meget bra! Espen er ein duellspelar – det viste han med ein einaste gong han kom inn. Det er dette som er hans store styrke, det å få ballen i rett retning, så då er det viktig at me brukar han til dette, er konklusjonen.

Me ønsker igjen Elias – og no seinast, Espen hjertelig velkommen i klubben!

Dei neste to kampane våre er begge bortekampar – men begge er berre ein liten ferjetur unna. Fredag skal møter me Fjøra – helga etter skal me til Kaupanger.

Me håpar du vil ta turen utover og vera med oss – begge deler blir knokkelkampar med høg underhaldningsfaktor og sikkert like høg temperatur…!

Meir detaljert samandrag av korleis det arta seg og med store og små høgdepunkt, finn du her på FirdaLIVE!

Kaptein Brede Stedje Ylvisåker vart av ein kompetent jury kåra til dagens Årdal-spelar.