Årdal FK – Dale

Årdal FK 2 - 5 Dale
22 apr 2017 - 14:00Jotun stadion

Det vart ikkje heilt den starten me hadde håpa på i sesongens aller første kamp.

Årdølene som har mål om å kjempa i toppen i 4. divisjon i år fekk ein leksjon i effektiv kontringsfotball då Dale kom på besøk til Jotun stadion laurdag.

Foto: Elin Hæreid

Sjølv om det var heimelaget som skapte dei fleste sjansane i 1. omgang var det Dale som leia noko flatterande 0-2 til pause etter scoringar av Vegard Dyrstad på straffe og Agust Helgi Jonsson.

Det såg ut til at tordentalen til trenar Ivan Øy i pausen skulle hjelpa på då Christian Stedje reduserte til 1-2 like etter kvilen, men eit kontringssterkt bortelag ville det annleis. Nemnde Jonsson sikra seg hat-trick med to mål til, før Tommy Holm sette inn 1-5 kvareter før slutt. Innbytar Andreas Natvik fekk æra av å pynta på resultatet då han heada inn ei redusering like før slutt, til 2-5.

Årdal-trenar Ivan Øy var ikkje nådig i karakteristikken av eige lag etter kampen.

– Dette er det flauaste eg har vore med på, både som trenar og spelar. Alt som kunne gå gale, gjekk gale. Alt. Altså me tapar 2-5. Hallo, seier Øy til Sogn Avis.

– Kva skjedde?

– Du, det lurer eg og på. Dette er ei oppleving eg aldri har hatt før. Eg trudde ikkje det var mogleg å styra ein kamp, og likevel tapa 2-5. Me har seks-sju klare sjansar før pause som me ikkje set i mål, også gjev me dei fire mål på personlege feil. Me mista ballen høgt i bana, og blei kontra i senk.

Dale-trenar Kennet Vik var sjølvsagt strålande nøgd med resultatet etter 2-5 suksessen i Årdal.

– Kampplanen vår fungerte utmerka. Det var nok litt flatterande at vi leia 0–2 ved pause. Men i 2. omgang kontrar vi dei regelrett ned, seier Dale-trenar Kennet Vik til Firda.

Det er ingen tvil om at me har litt å retta oppatt i vekene som kjem, men takk til Dale og dommartrioen for kampen – og tusen takk til alle som var med oss på Jotun stadion i dag!

Kampfakta

Årdal FK – Dale 2–5 (0–2)

Kretsligaen 1. serierunde, Jotun stadion, laurdag 22. april

Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF, Jarle Andersen, Syril og Håkon Stubø, Syril

Mål: 0–1 Dyrstad, 0–2 Jonsson, Stedje 1-2, Jonsson 1-3, Jonsson 1-4, Holm 1-5, Natvik 2-5

Gule kort: Kjetil Karlsen, Chrstian Stedje og Fredrik Sørli, ÅFK. Andreas Heggedal, Dale.

Domar: Kristoffer Hagenes, Hovding

Tilskodarar: 200

Årdal FK (4–4–1-1): Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Kjetil Karlsen (Andreas Natvik), Fredrik Søri, Christian Stedje, Vegard Aafedt Bukve (Sander Bjørkum Øvstetun), Ole Gunnar Kjødnes (Simen Mannsverk), Johnny Hagen Aspeseter (Marius Loftheim), Joachim Furset (Nicolai Laberg), Terje Kvam Øvstetun (Anders Lereng)