Årdal FK – Eid

Årdal FK 3 - 1 Eid
26 mar 2017 - 14:00Jotun stadion, krøllgras

Me er vidare til andre kvalikrunde etter ein kamp som neppe går over i historiebøkene som nokon højdare.

 
 

– Bevares, det er kjekt å vinna fotballkampar, men dette var slapt, altså, seier Ivan.
– Me får håpa att det blir med denne kampen, og at me greier å ta oss eit steg vidare, det er me nøydde til. Det me fekk til her, var mildt sagt rufsete, både framme og bak.Det var duka for første kvalikrunde i cupen og Eid som motstandar på krøllgraset denne søndagen.
Første omgang var i grunnen nokså tannlaus for begge lag sin del og enda ikkje overraskande mållaus. Ivan vil eigentleg ikkje snakka så mykje om det.Etter pause vart det noko meir fart i sakene då Eid tok leiinga etter noko som kan ha vore ein misforståelse i våre bakre rekker. Tre minuttar seinare var det ein misforståelse på motsatt side av bana som gjorde at eit innlegg frå Christian Stedje havna i mål.Me kunne ha teke leiinga då dommar Esp bles straffespark fordi Endre Kauppi Straumsheim vart lagt i bakken, men keeper redda skotet frå Johnny. Det  skulle syna seg å bli ei mager trøyst for målmannen, som nok må ta på seg skulda for at langskotet frå Fredrik Sørli til slutt havna i mål berre eit par minutt seinare.

– Det kunne fort ha vore annleis, eg vil sei me får ganske god hjelp til å vinna denne kampen. Det er synd for Eid – og heldig for oss. Det er det som får oss innatt i kampen, seier Ivan.
Målet som innbyttar Anders sette  kom etter flott angrepsspel og fastsette sluttresultatet til 3-1. Med det er me vidare til andre kvalikrunde i NM, førebels med ukjend motstandar og kamparena.

Ivan ser det som ein fordel at me har stifta kjennskap med årets Eid-lag, ettersom me skal møta dei att i serien som startar mot slutten av april.
– Det er greitt å bli litt kjend med dei og sjå kva nivå me snakkar om her. Eid er eit veldig ballbesittande lag med mykje bra spelarar, så det er klart, me kan ikkje ta for lett på slike oppgåver, er konklusjonen.

Me takkar Eid for kampen og ønsker lukke til vidare med sesongoppkøyringa. Takk også til dagens dommarar, Dan Kåre og co, som truleg var dei som kom aller best frå det denne dagen – og takk til alle som var med oss på Jotun stadion denne fine, men litt hustrige søndagen.

Kampreferat frå FirdaLIVE her!

Kampfakta:
Årdal FK – Eid 3-1 (0-0)
0 – 1   56 min   Kristian Lefdal
1 – 1   59 min   Christian Stedje
2 – 1   65 min   Fredrik Aspeseter Sørli
3 – 1   85 min   Anders Lereng
Gule kort: Anders Lereng og Ole Gunnar Bukve Kjødnes, ÅFK og Henning Haugen, Simen Lefdal og Runar Lillestøl Naustdal, Eid.
Dommar: Dan Kåre Esp, SK Florø, med Karl Andre Klakegg, Kaupanger IL og Steinar Hole, Jølster.
ÅFK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei (Endre Kauppi Straumsheim fra 51 min), Kjetil Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Christian Stedje, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen (Anders Lereng fra 83 min), Vegard Aafedt Bukve, Joachim Furseth, Marius Loftheim (Nicolai Laberg fra 61.min)