Årdal FK – Flisa

Årdal FK 4 - 1 Flisa
06 aug 2016 - 16:00Jotun stadion

 

Årsbeste og ellevill jubel då me slo den suverene serieleiaren 4-1 heime på Jotun stadion.

Kampfakta: Årdal FK – Flisa 4-1 (1-1)

Jotun stadion, laurdag 6.8.2016

Tilskodarar: om lag 150

Dommar: Johnny Skjerven, Kaupanger, med Erlend Nondal Lereim, Kaupanger og Steinar Hole, Jølster IL.

Gule kort: Kristen Ommag Engen, Flisa

0-1   18 min   Simen Nordnes

1-1   21 min   Fredrik Sørli (Eirik Rode assist)

2-1   60 min   Terje Kvam Øvstetun (Truls Hovland assist)

3-1   73 min   Preben Strypet (Truls Hovland assist)

4-1   77 min   Vegard Aafedt Bukve (Truls Hovland assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Endre Kauppi Straimsheim, Eirik Rode, Vegard Aafedt Bukve (Eirik Lereng fra 84 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Anders Lereng fra 89 min), Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun (Joachim Furset fra 70 min), Johnny Aspeseter Hagen (Preben Strypet fra 65 min).

 

Då me møtte Flisa på bortebane 16.april, spelte me jamngodt med det som var tippa  verta eit topplag i avdelinga, så det at Flisa skåra kampens einaste mål nesten fire minutt på overtid, er truleg eit av dei suraste tapa Ivan og co har gått på til dags dato.

– På ein skala frå 1 til 10 av sure tap, er dette 11 – sa Ivan då.

Etter returoppgjeret fekk pipa ein annan låt. Å slå serieleiaren 4-1 er det nemleg ikkje mange som har gjort denne sesongen.

Laginnsats er nøkkelen til suksessen i følgje trenarteamet.

–  Når me slår serieleiaren 4-1 er det snakk om lagsinnsats – det er ikkje enkeltprestasjonar det er snakk om. I dag spelar me akkurat slik me vil spela: godt organisert forsvarsspel, godt organisert framover, ikkje minst på kontringar, seier Ivan – som ikkje nøler med å kalla dette årsbeste.

Protestane på det er neppe så mange, for valuta for billettkronene vart det i alle fall på tilskodarane på Jotun stadion denne gongen.

– I første omgang hadde også Flisa eit par gedigne sjansar, slik sett var 1-1 til pause eit rett bilde av kampen, meiner Ivan.

Flisa tok leiinga, men me svara då Fredrik utlikna berre tre minutt seinare. I andre omgang var det full rulle framover. Dei som har greie på det, hevda at det er tøft gjort å gå ut i eit 4-3-3-system mot eit så godt lag som Flisa, noko Ivan og Jan Kåre sjølvsagt er svært klar over.

– Men det er det systemet me alltid spelar. Det krev enormt mykje, og viss me ikkje lukkast, blir me ofte straffa bakover – men når me får det til, skårar me veldig mange mål, forklarer Jan Kåre.

Truls Hovland

Før gårsdagens kamp faktisk Flisa på tabelltoppen og Årdal FK på åttandeplassen skåra like mange mål – 37.

– Og når me lukkast med dette 4-3-3 systemet, blir me veldig vanskelege å spela mot, slik som i dag. Flisa hadde omtrent ikkje mottrekk på det me gjorde og me var gode defensivt, godt strukturert og organisert, legg Ivan til.

– Og så PAISSTE me i kontringar med tre og fire og fem mann kvar gong, det var ein fryd å sjå, altså!

– Me har sett at me kan, me har spelt delar av andre kampar på same måte tidlegare, men denne gongen gjennomførte me til punkt og prikke i 90 minutt, fantastisk!

EiriK Lereng

Eirik Lereng (15), som nyss melde overgang frå ÅTIL, debuterte offisielt for ÅFK i denne kampen, noko han kom flott i frå, på same måte som i den meir uoffisielle kampen mot Fjøra tidlegare denne veka.

Kaptein Eirik Rode vart av ein fagjury kåra til dagens ÅFK-spelar, i knivskarp konkurranse.

– Fantastisk laginnsats, dette fortjente spelarane verkeleg, er Ivan sin konklusjon.

Korleis det arta seg, står å lesa her på FirdaLIVE. 

… og slik gjekk det sist me spelte mot Flisa. 

Neste kamp er allereie fredag – då reiser me til Kongsvinger!