Årdal FK – Funnefoss/Vormsund

Årdal FK 3 - 3 Funnefoss/Vormsund
25 jun 2016 - 14:00Jotun stadion

Kampen mot Fu/Vo gav omgrepet surt tap ei  heilt ny meining. 

Ikkje fordi me tapte – det enda jo uavgjort 3-3 – men fordi me hadde seieren og dei tre viktige poenga så godt som i boks, før det glapp i aller siste sekund, fem minutt på overtid.

– På ein skala fra ein til ti..? Dette er 12, minst. Bånn!! seier Ivan. Og det seier vel det meste.

Truls skåra det som truleg er vårt kjappaste mål på ganske mange sesongar etter berre 59 sekund, medan Preben vakkert heada inn  2-0 ein god halvtime seinare.

Rett nok skåra Funnefoss/Vorumsund før årdølene heilt hadde komme seg på bana etter pausen, men då Endre la på til 3-1 ti minutt seinare, augna me von om å få behalda alle tre poenga etter møtet med eit av dei beste laga i avdelinga.

Det baud sjøvlsagt på utfordringar då Fu/Vo reduserte til 3-2 med vel tjue minutt att av kampen, men då gjestene også fekk ein mann utvist for å ha hindra Truls Hovland i fint driv mot mål, låg mykje til rette for heimesiger.

I staden enda det med at Funnefoss/Vormsund i aller, aller siste sekund, nesten seks minutt på overtid, utnytta manglande markering i heimeforsvaret og utlikna til 3-3.

Trenar Ivan Øy byrja å bli lei av  å syngja den same songen om den irriterande ineffektiviteten framfor mål. Det var heller ikkje dei berømte marginane som gjorde utslaget denne gongen – det var berre for lite effektivtitet.

– Dette er så utruleg bånn, rett og slett. Eg seier ikkje at me skal skåra på alle sjansane våre, for all del.

Men det er så store og så klare målsjansar, at det at me ikkje maktar å gjera noko ut av det, det er berre for dårleg, seier Ivan rett etter kampslutt.

– Det er så surt å sleppa inn slike mål på overtid, at eg kan ikkje få sagt det. Fu/Vo er ein mann mindre, me skal sjøvlsagt unytta det til fulle.

Og me har bøttevis av sjansar, me skal sjøvlsagt utnytta det òg. Dette liknar på mange andre kampar me har spelt denne sesongen, der me i staden for å drepa kampen, inviterer motstandaren inn, legg han til.

Brett Fellows

– Gang på gang har me vist at me skal spela jamnt med topplaga – me veit det. Men me må ta tak i denne irriterande ineffektiviteten.

Me må bli meir kyniske, ikkje vera naive og tru at den måten me opptrer på mot slutten av kampen, ikkje vil straffa seg.

Det ser me jo at det gjorde!

Kampen var for all del ikkje heilt utan lyspunkt. Me skåra tre flotte mål – og sytte for ein god del underholdning for publikum. Sivert Larsson vart kåra til dagens ÅFK-spelar, heilt fortjent. Me sikra oss eitt poeng, i alle fall. Og beviste for oss sjølve at me matchar topplaga i denne avdelinga. Me tek med oss det me kan.

Måla ser du her, via Sogn Avis, som i samarbeid med Kent Fimreite streama kampen!

Korleis det elles arta seg, kan du lesa her på FirdaLIVE!

Ein kamp står att før ferien – borte mot Hallingdal neste laurdag. Som mange sikkert hugsar, tapte me 2-1 for Hallingdal i aller første kamp denne sesongen. Det smertar forsatt både Ivan og store delar av troppen.

Helgas motstandar Fu/Vo slo for øvrig Hallingdal 10-0 sist helg.

Truls Hovland

– Eg håpar denne kampen og resultatet kan vera med på å tenna spelarane skikkeleg – og at me kan bruka det til noko konstruktivt mot Hallingdal.

Me har ei høna å plukka med Hallingdal, for å seia det sånn!

Årdal FK – Funnefoss/Vormsund 3-3 (2-0)

3.divisjon, avd 3

Jotun stadion

Tilskodarar: om lag 230

Dommar: Yngve Haakonsen, Fjøra IL med Simen Solbakken Skjerven, Kaupanger og Brede Nymark, Sogndal

Gule kort: Eirik Rode, Preben Strypet, Terje Kvam Øvstetun, Årdal FK og Petter Severeide, Fu/Vo

Raudt kort: Christopher Lundhaug, Fu/Vo

1-0   01 min   Truls Hovland (Preben Strypet ass)

2-0   34 min   Preben Strypet (Terje Kvam Øvstetun ass)

2-1   46 min   Sivert Falck-Ytter Dæhlie

3-1   55 min   Endre Kauppi Straumsheim

3-2   72 min   Sivert Falck-Ytter Dæhlie

3-3   95 min   Kim Brenna

Årdal FK: Sivert Larsson (BB), Vegard Aafedt Bukve, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Eirik Rode,  Endre Kauppi Straumsheim, Terje Kvam Øvstetun (Joachim Furset fra 73 min), Brett Fellows (Anders Lereng frå 94 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Marius Loftheim fra 85 min) , Truls Hovland, Preben Strypet