Årdal FK – Gran IL

Årdal FK 3 - 0 Gran IL
20 aug 2016 - 16:00Jotun stadion

24Anders skåra, Alexander debuterte og Abbas er tilbake i 3.divisjon.

Anders Lereng og Alexander Barsnes

 

Årdal FK – Gran 3-0 (1-0)

Jotun stadion, laurdag 20.august

Tilskodarar: om lag 170

Dommar: Bjørn Egil Sunde, Eikefjord IL

1-0   25 min   Johnny Aspeseter Hagen (Endre Kauppi Straumsheim assist)

2-0   54 min   Preben Strypet (Truls Hovland assist)

3-0   90 min   Anders Lereng (Truls Hovland assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Endre Kauppi Straumsheim (Alexander Barsnes fra 90.min), Ørjan Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Fredsrik Aspeseter Sørli, Joachim Furset (Eirik Lereng frå 74.min), Vegard Aafedt Bukve, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Truls Hovland, Johnny Aspeseter Hagen (Abbas frå 69,min), Preben Strypet (Anders Lereng frå 88 min)

Fredrik Sørli

Seier – og revansj – over Gran sist helg gjer at me har samla saman 19 av dei siste 21 poenga.

– Me skal kjempa til the bitter end for å klara topp fem-plassering og ny kontrakt i 3.divisjon, seier Ivan til Sogn Avis.

Korleis det arta seg står å lesa her, på FirdaLIVE.

Høgdepunkta frå kampen, som Kent Fimreite filmar for Sogn Avis, ser du her!

 

Endre og Alexander  

Av andre høgdepunkt denne dagen, må debuten til Alexander Asperheim Barsnes sjølvsagt nemnast. Han kom inn for Endre Kauppi Straumsheim i sluttmiuttane. 

Abbas var også tilbake i 3.divisjon, då han kom inn for Johnny Aspeseter Hagen tjue minutt før slutt. 

Abbas

Takk til Gran for kampen, takk til dommartrioen – og takk til alle som var med oss på Jotun stadion denne fine sommardagen. 

Til helga augnar me håp om tre nye poeng når me møter Sander borte laurdag ettermiddag.