Årdal FK – Hallingdal

Årdal FK 1 - 2 Hallingdal
09 apr 2016 - 16:00Jotun stadion, krøllgras

– Ein ganske laber fotballkamp med dårleg nivå frå begge lag. Surt å tapa på den måten. 

Trenar Ivan Øy er ikkje nøgd med kampen, trass i at han er glad for at sesongen endeleg er i gang.

– Det var einkamp som me sjansemessigsett burde ha vunne, meiner trenarteamet.

-Me hadde i det heilefleire sjansar, så me burde ha avgjort denne kampen tidleg og med opptil fleire mål, er konklusjonen.

Me hadde eitt greitt tak i kampen frå start og produserte fleire brukbare sjansar.

Likevel var det gjestene våre som gjekk opp i leiinga etter 23 minutt.

Me svara og utlikna ved Truls to minutt seinare, men like før pause gjekk Hallindal opp til 1-2.

Etter ein mållaus andre omgang, enda det også med å bli sluttresultatet, noko me sjøvlsagt ikkje seier oss heilt fornøgde med.

Øy og Stedje likar dårleg å skulda på startvanskar i samband med serieopninga.

 – Det var flott ver og fine forhold – og me har spelt mange treningskampar – det har Hallindal òg, så me kan ikkje sei me er dårleg førebudd. 

Saka er at me ikkje skåra på sjansane våre og me spelte ikkje spesielt bra.

Det viser dermed også at me kan spela ein dårleg fotballkamp og likevel produsera så mange målsjansar som me gjer.

Då er det surt å tapa sånn, men det er sånt som skjer.

– i bunn og grunn var nivået ganske labert på heile kampen. Middels fjerdedivisjonsstandard på begge lag, me kan eignetleg ikkje skulda på at det er serieopning.

Det bør i alle fall ikkje vera unnskyldninga, meiner Ivan.

Her snakkar han ut om kampen til Sogn Avis.

Trenarane tykkjer det er kjekt å få nye bekjentskapar til Jotun stadion, og er spente på korleis livet i austlandsavdelinga vil bli. 

– Om Hallingdal er det å seia at det er veldig hyggelege og greie folk og at det elles eigentleg var ein nokså fredeleg fotballkamp, sett vekk frå at det kokte litt i toppen på begge sider mot slutten. Det resulterte i eitt raudt kort til Preben Strypet og eitt til ein hallingdøl, sistnemnde hadde gult frå før.

– Me takkar Hallingdal for kampen og ynskjer lykke til vidare med sesongen, planen er no å komma til Hallingdal seinare i sesongen og ta atte poenga dei fekk med seg!

Korleis kampen arta seg på firdaLIVE ser du her.

Kampfakta: Årdal FK – Hallingdal FK 1-2 (1-2)

Jotun stadion, krøllgras 9.4.16

0-1  23 min   Jonas Bergane

1-1  25 min   Truls Hovland (Christian assist)

1-2  45 min   Jesper Taaje

Dommar: Vegard Yndestad med Asbjørn Grinde Håre og Oda Bjelde

Gule kort: Christian Stedje, ÅFK, Pawel Kaczorowski, Hallingdal

Raude kort: Preben Strypet, ÅFK og Erlend Hole Dokken, Hallingdal

Årdal FK: Preben Gilleshammer, Vegard Aafedt Bukve, Marcin Brzykcy, Brede Stedje Ylvisåker, Eirik Rode, Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows, Christian Stedje , Terhje Kvam Øvstetun, Preben Strypet, Truls Hovland. 

 

Alle foto: Elin Hæreid