Årdal FK – Jevnaker

Årdal FK 1 - 0 Jevnaker
03 sep 2016 - 16:00Jotun stadion

Det vart hektisk mot slutten, men etter 95 lange minutt kunne me sleppa jubelen laus. 

1W6A0330 

Kampfakta:

Årdal FK – Jevnaker 1-0 (1-0)

3. divisjon avdeling 3, laurdag 03. september 2016

Jotun stadion, kunstgras

Domar: Dan Kåre Esp

Gule kort: Fredrik Sørli og Endre Kaupi Straumsheim, Årdal FK. Jørgen Røste Kristiansen, Jevnaker.

Raude kort: Romero Juty Johnny, Jevnaker.

Mål: 1-0, 31. min. Ørjan Skilbei 

Lagoppstilling ÅFK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Marcin Brzykcy, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Sørli, Vegard Aafedt Bukve, Endre Kauppi Straumsheim (Joachim Furseth frå 88. min.), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Eirik Lereng frå 74. min.), Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen frå 67. min.) Preben Strypet.

1W6A0455
Ørjan Skilbrei blir gratulert av lagkameratane etter scoringa som kom etter ein halvtimes spel.

1W6A0131
Måltjuven Preben Strypet prøver å få kontroll på ballen. 

Med åtte sigrar og ein uavgjort på dei siste ni kampane er me det store formlaget i divisjon.

Gutane våre har ikkje tapt sidan kampen mot Valdres 8. juni. Men kampen mot Jevnaker laurdag går neppe over i historia som ein av dei beste me har spelt, snarare tvert i mot. Men seier og tre poeng er det viktigaste. 

Grunna mykje regn dei siste dagane vart kampen flytta over på kunstgrasbana. 

Firda følgde kampen minutt for minutt. Sjå kva dei skriv her.

Halvtimen ut i kampen mot Jevnaker sette lærdølen Ørjan Skilbrei inn sigersmålet, då han fekk ballen på ope mål etter ein corner og breisida lækula i nota til 1–0, som óg blei sluttresultatet.

– I dag er nøgd med at me tek tre poeng på ein elles dåreg dag. Jevnaker veit kva me er gode på, og me blir ståande med huva i handa og sjå på, seier trenar Ivan Øy.

Sigeren gjer at Øy og kompani har seks sigrar på rad, og at gutane har plukka 25 av dei siste moglege 27 poenga.

Takk til Jevnaker og dommartrioen med Dan Kåre Esp i spissen for kampen. Og takk til alle som var med oss på bana og via FirdaLIVE og ikkje minst ein stor takk til vår dyktige fotograf Elin Hæreid.

Me ønsker alle ei knusktørr og flott helg. Neste kamp for årdølene er borte mot Lillestrøm 2 i LSK-Hallen 10. september. Me går sjølvsagt for sju strake sigrar og den tiande utap tap! 

1W6A0503
Endre Kauppi Straumsheim strekkjer seg så lang han er etter ballen.

1W6A0648
Truls Hovland i full fart framover.

1W6A0818
Truls Hovland i fint driv.

1W6A1260
Vår kjære materialforvaltar Geir Reidar Hestethun var i strålande humør etter kampen.

1W6A1396
Vår polske midstopparbauta Marcin Brzycky.

1W6A1748