Årdal FK – Kongsvinger 2

Årdal FK 5 - 1 Kongsvinger 2
23 apr 2016 - 16:00Jotun stadion

På tredje forsøk henta me endeleg heime tre poeng!

Terje Kvam Øvstetun skåra tre av måla då me slo Kongsvinger 2 heile 5-1 i vårsola på Jotun stadion

– Me er utruleg mykje betre i dag enn i dei to første kampane mot Hallingdal og Flisa, konkluderer ein godt nøgd trenar Ivan.

– Me er tolmodige når dei har ballen og eg er velig nøgd med den måten me produserer sjansane våre på.

Me får heller jobba litt meir med effektiviteten på treningane framover, seier han, med tanke på at seieren nok kunne ha vore langt større om me hadde utnytta litt fleire av sjansane me fekk til.

Dagens kamp, som for øvrig gjekk av stabelen på krøllgraset under absolutt strålande forhold, baud på både gode og dårlege nyhende.

Diverre måtte Eirik Rode stå over grunna sjukdom. I staden kom Fredrik Sørli inn og leverte til gangs, mellom anna med ei skåring.

I tillegg fekk målmann Sondre Stadheim Hille og Anders Lereng sin debut i 3.divisjon. Heilt på tampen dukka også Johnny Aspeseter Hagen opp etter eit langt skadeavbrekk.

Ørjan Cafu Skilbrei måtte også stå over kampen då han som idrettslærar måtte stilla til start i Sentrumsløpet saman med elevane sine. Cafu kom seg til mål på tida 38.59 – strålande innsats i hovudstadens gater, med andre ord!

Korleis kampen arta seg, står å lesa på FirdaLIVE her.

Neste laurdag spelar me borte mot Gran.

Ny heimekamp på Jotun stadion – kanskje til og med på gras – laurdag 7.mai mot Sander.

 

Kampfakta: Årdal FK – Kongsvinger 2 5-1 (2-0)

Jotun stadion, krøllgras

23.4.16

 

1-0   14 min   Terje Kvam Øvstetun ( Christian Stedje ass.)

2-0   26 min   Fredrik Aspeseter Sørli (Truls Hovland ass.)

3-0   52 min   Robin Moheim (Christian Stedje ass.)

4-0   55 min   Terje Kvam Øvstetun (Truls Hovland ass.)

5-0   81 min   Terje Kvam Øvstetun (Christian Stedje ass)

5-1   86 min   Torbjørn Vitsø

Gule kort: Brede Stedje Ylvisåker, Marcin Brzycky, Årdal FK og Kongsvinger 2 x 3

Dommartrio: Dan Kåre Esp med Simen Solbakken Skjerven og Karl Andre Klakegg på linjene.

Årdal FK: Sivert Larsson (Sondre Stadheim Hille fra 88 min), Vegard Aafedt, Bukve, Marcin Brzycky, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik A. Sørli, Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows (Marius Loftheim frå 83 min), Christian Stedje, Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen fra 89 min), Truls Hovland, Robin Moheim (Anders Lereng fra 85 min)

 

 

 

ål

 

 

 

Fredrik Sørli