Årdal FK – Lillestrøm 2

Årdal FK 2 - 2 Lillestrøm 2
21 mai 2016 - 16:00Jotun stadion

Gjestene skåra to mål på to minutt, men me snudde kampen og kjempa til oss eitt poeng til slutt.

Sjå video her! 

På ein slik dag er me gilde for at det vart poeng, for det er ikkje til å komma ifrå at det såg noko mørkt ut då Lillestrøm 2 gjekk opp til 2-0 i løpet av to minutt i første omgang.

Me slo tilbake, og greidde uavgjort, takka vera solid laginnsats og to fine mål av Eirik og Christian. Dei ser du i lenken under, som Sogn Avis har publisert.

Takk til Kent Fimreite, som står bak kamera!

Kampfakta: Årdal FK – Lillestrøm 2 2-2 (0-2)

Jotun stadion 21. mai 2016

Tilskodarar: Om lag 200

Dommar: Tor Henning Mardal

Gule kort: Endre Kauppi Straumsheim, Årdal FK. Herman Halvorsen og Jesper Buer Bjarmann, Lillestrøm 2.

0-1   34 min   Martin Falkeborn

0-2   35 min   Jesper Kornbakk

1-2   54 min   Eirik Rode

2-2   83 min   Christian Stedje

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Marcin Brzykcy (Vegard Aafedt Bukve inn frå 55. min.), Eirik Rode (Fredrik Sørli frå 75. min.), Endre Kauppi Straumsheim (Robin Moheim frå 90. min.), Brett Fellows, Truls Hovland, Christian Stedje, Preben Strypet (Ole Gunnar Kjødnes Bukve frå 90. min.), Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim frå 75. min.)

Sjå høgdepunkta fra kampen her!!