Årdal FK – Sander

Årdal FK 10 - 0 Sander
07 mai 2016 - 16:00Jotun stadion

Årest første kamp på gras vart reine vårsleppet!

Det går ikkje an å analysera så veldig mykje når du vinn fotballkampar 10-0..!

I bunn og grunn var det svært mykje å gleda seg over både på og utanfor grasmatta på Jotun stadion i dag.

Her er nokre av dei:

– Det var sol og fint ver det meste av tida, og svært god temperatur.

– 264 tilskodarar hadde teke turen for å følgja oss

– Det var utruleg flott og variert utval av godsaker i kiosken – og som alltid, mykje kjekke damer som serverte.

– Årets første kamp på gras er alltid litt skummel, det går litt trått og det er tungt å springa – men det er berre noko med lukta av grønt gras i sola ein nydeleg mai-dag, altså!

– Me tok leiinga etter berre seks minutt då Terje Kvam Øvstetun herja inn sitt første mål for dagen. Og han gav seg ikkje med det.

– Truls og Christian sette også inn kvar sitt mål før me runda 45 minutt.

– Speaker Terje Solheim spelte Santana i pausen og det var stor stemning både på og utanfor grasmatta også då.

– Russen var nemleg til stades og spelte pausekamp med alle som ville vera med.

– Årdalsvennen Jon Navarsete hadde teke turen innom for å treffa gamle kjende.

Jon Navarsete og Frank Øyre

– Jan Are verva privatsponsorar – og har sjøvlsagt plass til fleire!

– Eirik Rode dukka opp like etter kvila etter å ha mista to kampar grunna sjukdom. Det første han gjorde var å senda målgjevande pasning til Terje K, som dundra inn sitt tredje for dagen.

– Ikkje lenge etter gjorde han det igjen, denne gongen var det Truls som tok imot og sette inn.

– Preben Strypet var tilbake i troppen etter tre kampars karantene. To assist og to mål sier nok sitt om kor gilde me er for akkurat det.

– Christian Stedje skåra (nærast ved eit uhell) sitt tredje mål for dagen – og gjorde dermed sitt aller, aller første hat trick, 31 år gamal.

– Han hadde forresten to assistar og.

– Kjetil Karlsen, som me frykta skulle vera ute med skade i laaaaaaang tid etter ein prolaps tidlegare i vinter, kom også innpå – hurra!

– Alle spelarane stod på og leverte, det viser sjøvlsagt resultatet. Det er lett å mista litt fokus når det går såpass vegen som det gjorde denne gongen, men gutta boys durte vidare, produserte ei rekkje flotte sjansar og satsa hardt på tosifra.

– Me var i grunnen nærmare 15 mål enn dagens motstandar Sander var ei skåring, tykkjer me sjølve. Men det er veldig kjekt med nye fjes på Jotun stadion, det er trivelege folk å ha med å gjera – me ynskjer Sander lukke til med resten av sesongen.

– Fleire snakkar om rekordseier på Jotun stadion – me er usikre.

Det me veit, er at me har slått Vik 11-2 i ein cupkamp i mars 2013, elles treng me meir tid på å leita gjennom historiebøkene.

– Faktum er uansett at me på dei siste to heimekampane (Den mot Hallingdal for ein månad sidan har me gløymt alt om..) har skåra 15 mål og sluppe inn eitt.

– Neste helg er det Jevnaker som er motstandar – og det er ein heilt gjeng med supportarar som skal bli med på tur. Me har plass til fleire, så det er berre å melda seg på!

Kampfakta: Årdal FK – Sander 10-0 (4-0)

Jotun stadion, laurdag 7.mai

Tilskodarar: om lag 264

Dommar: Martin Davitian, Nymark IL med Erlend Nondal Lereim, Kaupanger og Jarle Andersen, Syril.

Dommarrettleiar: Geir Arne Kvam, Hafslo

Gule kort: Brett Fellows, Årdal FK, Sander x 2

  1-0   6 min     Terje Kvam Øvstetun (Preben Strypet assist))

2-0  18 min    Truls Hovland   (Christian Stedje assist)

3-0  24 min    Terje Kvam Øvstetun  (Brett Fellows assist)

4-0  30 min    Christian Stedje

5-0  52 min     Terje Kvam Øvstetun (Eirik Rode assist)

6-0   60 min    Christian Stedje

7-0   66 min    Truls Hovland  (Eirik Rode)

8-0   70 min    Preben Strypet (str) (Preben Strypet assist)

9-0   78 min    Christian Stedje (Marius Loftheim assist)

10-0    80 min    Preben Strypet  (Christian Stedje assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, (Kjetil Karlsen frå 70 min) Fredrik Aspeseter Sørli (Eirik Rode frå 50 min), Brede Stedje Ylvisåker, Truls Hovland (Marius Loftheim frå 75 min), Brett Fellows, Endre Kauppi Straumsheim (Marcin Brzycky fra 60 min) Preben Strypet, Terje Kvam Øvstetun, Christian Stedje