Årdal FK – Skavøypoll

Årdal FK 3 - 2 Skavøypoll
26 aug 2017 - 14:00Jotun stadion

Alle gode ting var tre då Skavøypollen kom på besøk.

Ein ting var at det var ein finfin dag for fotball på Jotun stadion med sol, blå himmel og god stemning. Ein annan var at Stian Laberg debuterte for ÅFK dagen etter at han melde overgang frå Jotun. Sist, men definitivt ikkje minst, me tok tre nye poeng då Truls gjorde hat trick før pause. Sluttresultatet vart 3-2 i vår favør, heilt klart ein opptur etter at me tapte for Florø 2 sist mandag.

– Tre poeng må seiast å vera ein opptur, sjølvsagt. Me skårar tre veldig fine mål i første omgang – noko me er særs nøgde med. i andre omgang gjorde me ikkje så mykje, seier han. Med det meiner han at det gjekk litt i stampe og at det vart for mykje sløsing, både med sjansar og pasningar.

Samstundes skåra Skavøypollen  i det siste minutt av ordinær tid,noko som nok fekk nervene litt i spenn på ÅFK-benken.

– Altså, med litt uflaks der kunne Skavøypollen ha utlikna. Og det ville jo ha vore typisk for vår del. Så me får berre vera gilde for at me fekk med oss denne seieren, meiner Ivan, som likevel trekkjer fram Stian Laberg sin debut då han kom inn eit snaut kvarter før slutt, som eit høgepunkt.

– Så absolutt. Han gjorde ein veldig god figur og me er sjølvsagt veldig glade for å ha han i gang, er konklusjonen.

Fredag skal me til Vik,folkens! Der er det også HEILT KLART duka for revansj.

Korleis det arta seg litt meir i detalj sett frå speakerbui vår , kan du lesa her!

Kampfakta: Årdal FK  – Skavøypollen  3-2 (3-1)

Jotun stadion, laurdag 26.august

Tilskodarar: Om lag 200

1-0   15 min   Truls Hovland  (Christian Stedje)

2-0   39 min   Truls Hovland (Johnny Aspeseter Hagen)

3-0   41 min   Truls Hovland (Johnny Aspeseter Hagen)

Gule kort: Johnny Aspeseter Hagen, ÅFK og  Kim Andrè Gangeskar, Skavøypollen

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra, med Ragnar «Raggen» Åmot, Jølster og Elise Selland, Hafslo.

Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg (Ruben Aspeseter frå 85 min), Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Ole Gunnar Kjødnes (Vegard Aafedt Bukve frå 59 min), Vegard Aafedt Bukve (Terje Kvam Øvstetun frå 46 min), Joachim Furset, Simen Mannsverk (Stian Laberg frå 78 min), Johnny Aspeseter Hagen, Christian Stedje (Marius Loftheim frå 76 min), Truls Hovland.