Årdal FK – Skedsmo

Årdal FK 1 - 3 Skedsmo
04 jun 2016 - 16:00Jotun stadion

Ein dårleg førsteomgang øydela for Årdal i solsteiken på Jotun stadion.

IMG_0710

Kampfakta:

Årdal FK – Skedsmo

Jotun stadion

Laurdag 04. juni

Tilskodarar: Om lag 200

MÅL:

0-1, 17. min. Didrik Mostue

0-2, 25. min. Ludvik Benco

0-3, 45. min. Fredrik Åretun

1-3, 56. min. Preben Strypet

Gule kort: Brett Fellows, Årdal FK, fire gule til Skedsmo

Årdal FK: Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve (Anders Lereng frå 87. min.), Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Eirik Rode, Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows, Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun, Christian Stedje, (Ole Gunnar Bukve Kjødnes frå 11. min.) Preben Strypet (Marius Loftheim frå 64. min.)

 

Gjestane frå Akershus visste seg å vera det sterkaste laget denne flotte laurdagen. Knall blå himmel, strålande sol og nærare 30 varmegrader er nok ikkje dei beste speleforholda. 

 

Men ein brennheit Didrik Mostue i Skedsmo-angrepet viste kvifor han blir omtala som divisjons beste spiss. Han opna scoringsballet etter 17. minutt då han frå 25 meter og skrått hald dundra ballen i motsatt hjørne på halv volley. Hans 15 scoring så langt i sesongen.

 

Like etter burde det stått 1-1 då Preben Strypet sette ballen over mål etter eit flott angrep. I staden utnytta gjestene ein god kontring der nemnte Mostue heada ned eit langt oppspel til Ludvik Benco, som hadde få problem med å styra ballen ned i hjørna til 2-0.

 

På overtid av førsteomgang auka Fredrik Åretun leiinga då han fekk stå upressa i Årdal sin 16-meter. Skedsmo-spelaren dempa lærkula med brystkassa før han dundra inn 3-0-scoringa. 

 

Ein heilsvart omgang for Årdal sin del dette altså. 

IMG_0076 – Kopi

 

Etter kvilen var det Årdal som kom best i gang. Heimelaget skapte eit par småsjansar før Preben Strypet blei lagt i bakken på ulovleg vis. Straffa tok han sjølv og reduserte til 3-1.

 

IMG_1277 

Etter ein times spel fekk ein gamal kjenning sin debut for gjestene. Robin Moheim, som nyleg melde overgang til Akershus-klubben, var frampå ved eit par høver, men fekk ikkje nettkjenning i returen til si gamle heimebane.

 

IMG_1326 

Kampen ebba til slutt ut i 3-1 siger til austlendingane, som med dagens trepoengar ligg på 2. plass på tabellen. Årdal ligg på 9. plass med 10 poeng etter ni kampar.

 

IMG_1957

 

IMG_1106

 

IMG_1746

 

Alle foto: Elin Hæreid