Årdal FK – Sogndal II

Årdal FK 3 - 2 Sogndal II
05 jun 2017 - 19:00Jotun stadion

– Ja, dette er truleg noko av det beste me har gjort hittil i år, altså! Det er alltid gøy å slå Sogndal, det er det ikkje tvil om – og samtidig er det like gøy å få tre poeng. Det treng me!

Johnny Aspeseter Hagen sørga for at me leda 2-0 til pause, men som Ivan alltid seier:

– 2-0, det er ein farleg leiing, det skal ikkje mykje til før motstandar får eitt mål og skapar ny spenning i kampen, og det var akkurat det som skjedde i dag.

– Men i pausen la me litt om og det såg me at fungerte godt. i første gomgang sprang me litt i mellom og fann ikkje heilt ut korleis me skulle løysa det. Sogndal er eit veldig godt lag, dei spelar veldig god fotball og me mått vera på heile tida, seier han.

Utover i andreomgang hadde me fleire store sjansar som kunne ha avgjort kampen på tidlegare tidspunkt, utan at me greidde å omsetta dei til mål.

– Me likar tydelegvis å sleppa motstandaren litt inn i kampen att, altså!

Med Terje si 3-1-skåring låg me nemleg godt an, men Simen Brekkhus reduserte 20 minutt før slutt og klokka tikka seint mot slutten mens me prøvde å stå løpet ut.

Ivan håpar me no er på full fart inn i den berømte flytsona.

Allereie fredag er det ny heimekamp, då med våre gamle venner frå Høyanger som motstandar.

– Og Høyang har ikkje teke poeng enda, så dei er sårt i beit. Og då spelar det liten rolle for Høyang kven som står på andre sida av bana. Me kan ikkje gå ut og tru at det skal gå av seg sjølv – me må vera på same nivå som i dag, meiner Ivan.

Me takkar Sogndal 2, dommar Johnny Skjerven med Jarle Andersen og Karl Andrè Klakegg for kampen – og ønsker vel møtt til ny knokkelkamp på Jotun stadion førstkommande fredag.

Kampfakta:

Årdal FK – Sogndal 2 3-2 (2-0)

Jotun stadion, mandag 5.juni

Tilskodarar: om lag 300

Dommar: Johnny Skjerven, Kaupanger med Jarle Andersen, Syril og Karl Andrè Bromseth Klakegg, Kaupanger

Gule kort: ingen

Mål:

1-0   11 min   Johnny Aspeseter Hagen

2-0   37 min   Johnny Aspeseter Hagen

2-1   58 min   Fredrik Flo

3-1   67 min   Terje Kvam Øvstetun

3-2   70 min   Simen Brekkhus

Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg, Ørjan Cafu Skilbrei, Kjetil Karlsen (Terje Kvam Øvstetun fra 25 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes,  Vegard Aafedt Bukve, Christian Stedje (Anders Lereng frå 80 min), Johnny Aspeseter Hagen, Joachim Firseth, Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Natvik