Årdal FK – Tornado Måløy

Årdal FK 5 - 1 Tornado Måløy
21 mai 2018 - 15:00Jotun stadion

Det kokte litt i toppen på fleire i heten denne pinsedagen..!

Det var steikande sol og godt og heitt på grasmatta denne flotte pinsedagen, og me hadde eit godt grep om kampen frå første spark. Sant å seia følte me oss nokså sikre på at me skulle få beholda alle poenga her heime.

– Me var enige om å ta tak fra første spark og ikkje lata Tornado Måløy sleppa til, det er ei grei oppskrift og den heldt me oss til, seier Ivan Øy.

– Me følte oss vel eigentleg aldri trua av Tornado Måløy i dag. Det var også eit heilt anna lag enn dei me så vidt slo 2-1 på Refvika for berre tre veker sidan, då Johnny skåra seiersmålet vårt i siste minutt. Tornado Måløy mangla nok eit par sentrale spelarar, men det var overraskande lite futt i dei åkkesom, det virka litt planlaust, viss eg kan seia det?

Då vart det enkelt for vår del med tanke på den taktikken me hadde lagt opp til, seier Ivan.

På stillinga 2-0 nokre minutt før pause, hadde me rimeleg grei kontroll, følte me, men det kokte likevel litt over i heten på Jotun stadion.

Fredrik Sørli gjorde fleire norke iherdige forsøk på å bokstaveleg talt rista av seg ein motspelar som var vel klengete, noko som enda i ein del knuffing og eit påfølgjande raudt kort.

– Det er litt unødvendig, sukkar Ivan.

– Og det er synd for Fredrik – og sjølvsagt for oss – at han får det raude kortet og må stå over nokre kampar. Me har ikkje fleire folk enn me må ha, slår han fast.

Fredrik måtte også stå over eit par kampar etter det forrige møtet med Tornado Måløy – då havna han nemleg på sentralsjukehuset til observasjon etter eit nokså ublidt møte med motspelarknottar. Det enda med heilbarbering og ni sting i skallen. No må han altså belaga seg på å sona karantene.

Men trass i at me berre hadde ti mann på bana, auka Terje leiinga like etter, rett før dommar Håkonsen bles av for pause.

– I andre omgang var me skjerpa fordi me var ein mann mindre, men me hadde likevel grei kontroll, meiner Ivan.

– Og me hadde veldig mange sjansar til å putta på enda fleire på slutten, men da kokte det vel litt i toppen på dei fleste, for me greidde ikkje å utnytta dei skikkeleg.

To straffeskåringar ved Anders Lereng og Kenth Lægreid sørga for at me kom frå det med fem mål denne dagen, før Tornado Måløy fekk pynta litt på det med ei skåring tre minutt på overtid.

Då var også gjestene redusert til berre ti mann, ettersom ein av dei la Kenth i bakken og heilt korrekt vart utvist.

Simen Mannsverk som skåra sitt første mål i kretsligaen vart fullt fortjent kåra til dagens Årdal-spelar av ein særs kompentent jury – i skarp konkurranse med fleire andre som jobba hardt i heten.

– Det er travelt om dagen, me skal ha ny kamp att på fredag, så me legg opp til eit par veldig rolege økter denne veka, opplyser Ivan.

Vel møtt, alle, til ny heimekamp kommande fredag – då er det Kaupanger som kjem på besøk.

Meir detaljert referat ført i pennen av Eirik Todal Laberg på FirdaLIVEn er å lesa her!

PS: Trass i at kalendaren og terminlista viser vårsesong og gradestokken viser midt på sommaren, tjuvstarta me faktisk litt på haustsesongen då Tornado Måløy kom på besøk andre pinsedag.

– Denne kampen er eigentleg returkampen, men Tornado Måløy hadde eit ønske om å flytta den på grunn av ein festival dei skal ha på det tidspunktet. Me prøver å vera greie, og sidan me hadde mulgiheit til å spela kampen no, gjer me sjølvsagt det, seier trenar Ivan Øy.

Kampfakta: Årdal FK – Tornado Måløy 5-1 (3-0)

Jotun stadion, mandag 21.mai

Tilskodarar: om lag 200

1- 0 18 min Simen Mannsverk (Brede Stedje Ylvisåker ass)

2-0 39 min Anders Lereng (Simen Mannsverk ass)

3-0 45 min Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen ass)

4-0 52 min Anders Lereng (str)

5-0 76 min Kenth Lægreid (str)

5-1 93 min Henrik Myhre

Gule kort: Simen Heggheim Mannsverk, Årdal og Fridjon Mortensen, Tornado Måløy

Raudt kort: Fredrik Aspeseter Sørli, Årdal og Thomas Bakke, Tornado Måløy

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra med Marianne Aakre Laugerud, Førde og Vegard Aa Albretsen, Kaupanger

Årdal FK: Sivert Larsson (Per Einvald Pirri Aspevik fra 87 min), Nicolai Laberg, Ørjan Cafu Skilbrei,, Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Gjert Nygård fra 77 min), Vegard Aafedt Bukve (Simen Mannsverk fra 77 min), Terje Kvam Øvstetun (Patrick Schørlien Patanakarun fra 74 min), Fredrik Aspeseter Sørli, Simen Heggheim Mannsverk (Joachim Furset fra 58 min), Jonny Aspeseter Hagen, Brede Stedje Ylvisåker, Anders Lereng (Kenth Lægreid fra 74 min).